FBK Voss

Trafikksikker klubb

Trafikksikker klubb

Trafikktryggleik er viktig når born, ungdom og vaksne skal til og frå trening og kamp. Me ynskjer å vere ein trafikksikker fotballklubb i høve Statens Vegvesen sin visjon om 0-drepne og 0-hardt skadde i trafikken.

Klubb og foreldre har eit mål om at idretten skal vere ein trygg plass for born og unge. Førebyggjande arbeid som til dømes Fair play, politiattestar, fyrstehjelpsutstyr, transport til trening og kamp osb. er ein del av å skape og oppretthalde denne tryggleiken.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til og frå trening

Mange syklar til og frå trening. Ved sykling på offentleg veg er følgjande påbudt:                                                                           

                                                                                                           

Skal ein gå bør ein nytte refleksvest eller refleksband i den mørke årstida.

 

Bil i området med Idrettshallen

Alle som køyrer bil i området med Idrettshallen bør utvise stor forsiktigheit i kjernetida 17:00 - 20:00. Det er relativt uoversikteleg mange plassar og me oppmodar alle som skal sleppe av og ta på ungar om å gjere dette på snuområdet ved Vossabadet. Og hugs; alle skal nytte bilbelte!

 Skal du køyre på bortekamp ?

Køyrer ein i samband med bortekamp så har klubben utarbeida visse retningslinjer som alle har eit ansvar for å følgje; både sjåfør, lagleiarar, trenarar og spelarar. Me trur at desse vil vere med å skape tryggleik for både spelarar og passasjerar.

  • Kun personar over 25 år og som har hatt førarkort samanhengande i 5 år kan ha passasjerar i bilen som ikkje er i eigen familie.
  • Alle passasjerar (og sjåfør) skal ha tatt på bilbeltet før ein startar å køyre.
  • Rekn god tid og følg fartsgrensene
  • Køyr kolonne! Det vil seie at ein køyrer mest mogleg i lag.

Alkohol/rus og trafikk høyrer ikkje saman! 

 

 


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift