FBK Voss

Omberamming av kampar

Omberamming av kampar

Omberamming av kampar for aldersklassane 10 år - senior

Ansvarleg: Sanna Skulstad Dregelid – sport@fbkvoss.no

Viss anten de eller motstandarlaget ikkje kan spele oppsett kamp i terminlista skal ein flytte den seinast  7 dagar før kampstart. Det er som regel slik at det laget som ynskjer å flytte kampen melder det inn til kretsen. Viss kampen som skal flyttast er bortekamp går lagleiaren sitt ansvar ut på å finne ut kva andre aktuelle datoar passar for laget.

Omberamming heimekampar

Er det ein heimekamp som skal flyttast må lagleiar sjekke banedisponeringskalendaren som ligg på FBK Voss sine heimesider. Denne skal til ei kvar tid vere oppdatert med treningstider og kampar. Står lag oppført med treningstid på bana vert dette rekna som ledig tid for å spele kamp, men ikkje tidspunkt der andre kampar er satt opp. Det beste er sjølvsagt om ein kan finne tidspunkt der ein av banane er heilt ledig. Ta kontakt med Sanna før ein avtalar tidspunkt med motstandarlag. Når ein har blitt einig med motstandarlag om tidspunkt skal ein få endeleg bekreftelse frå Sanna før ein melder kampflytting i omberammingsskjema.

Er det satt opp dommar til kampen så skal ein ta kontakt med han/ho før ein fyller ut skjema om omberamming. 

 Sanna: sport@fbkvoss.no

Omberamming kampar – melde inn til kretsen.

Skal ein flytte kampar så må dette meldast til kretsen. Dette finn ein her. Ein regel er at det er det laget som ber om å flytte kampen som sender inn skjema om omberamming. 

  1. Kampinformasjonen finn du ved å hente opp kampen anten i min fotball eller ved å gå inn her. Hugs å finne fram til rett lag og kamp. 
  2. Har du gammal og ny kampinformasjon så skal skjemaet vere greitt å fylle ut.
  3. Det er ikkje mogleg flytte kampar til etter siste serierunde. 

 

Omberamming av kampar for aldersklassane 8 - 9 år

Kampane for desse to årsklassane er satt opp av sone Voss. Det betyr at det er stort sett same framgangsmåte, men ein skal ikkje fylle ut skjema. Viss kampen som skal flyttast er bortekamp går lagleiaren sitt ansvar ut på å finne ut kva andre aktuelle datoar passar for laget.

Omberamming heimekampar

Er det ein heimekamp som skal flyttast må lagleiar sjekke banedisponeringskalendaren som ligg på FBK Voss sine heimesider. Denne skal til ei kvar tid vere oppdatert med treningstider og kampar. Står lag oppført med treningstid på bana vert dette rekna som ledig tid for å spele kamp, men ikkje tidspunkt der andre kampar er satt opp. Det beste er sjølvsagt om ein kan finne tidspunkt der ein av banane er heilt ledig. Ta kontakt med Sanna før ein avtalar tidspunkt med motstandarlag. Når ein har blitt einig med motstandarlag om tidspunkt skal ein få endeleg bekreftelse frå Sanna før kampen vert endeleg flytta. Det er viktig at lagleiar tek kontakt med oppsett dommar for å gje beskjed om endra kamptidspunkt og for å høyre om han/ho kan dømme på nytt tidspunkt. 


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift