FBK Voss

Lagsadministrasjon FIKS

Lagsadministrasjon FIKS

Internettside:   https://fiks.fotball.no/

  1. Logg inn med brukarnamn og passord som ein har fått tilsendt på e-post
  2. Start klubbklienten
  3. Kontroller oppe til venstre at det er ditt namn som står der og at du er inne på bilete for fotballsesongen 2016.
  4. Trykk på påmeldte lag og finn ditt lag. I mange årsklassar er det fleire påmeldte lag så ver nøye med at du finn det rette. (ein kan kan og velgje «klubb» og så «lag», då kjem ein inn i same bilete)
  5. For å legge inn tilgjengelege spelarar for det aktuelle laget går du inn på «Fotballtropp» og så «Legg til spiller».
    1. Du får då opp eit nytt vindauga. Her vel du kjønn og skriv inn fødselsår f.eks. 2002 – 2002 og trykker «vis».
    2. Gå gjennom lista og hak av dei spelarane som er aktuelle. Det kan ligge inne spelarar som ikkje lenger er aktive så bruk litt tid på dette. Mulig at det også er spelarar som ein ikkje finn inne på FIKS. Namnet på desse må meldast til Silje Hauge e-post: kontor@fbkvoss.no snarast!
    3. Trykk lagre og alle spelarane vil ligge i fotballtropp. Her legg ein inn draktnummer på spelarane. Ein kan og fjerne spelarar ved å hake av og trykke slett.

Legge inn tropp og administrere kamprapport.

  1. Bruk same framgangsmåte som beskrive ovanfor i punkt 1-4.
  2. Når du er komen inn på laget ditt trykker du på «Kamper» i menyen. Du vil då få opp alle kampane til det aktuelle laget.
  3. Trykk på det aktuelle kampnummeret. Du får då opp dei opplysningane som gjeld for den kampen. Det er i dette bilete ein legg inn kamptropp og administrerer kamprapportane.
  4. Som ein hovudregel legg ein inn troppen seinast dagen før kamp. Veit ein av ein eller anna grunn ikkje namnet på dei som skal vere med, så kan ein legge inn troppen inn til 2 timar før kampstart.
  5. Ein kan berre legge inn spelarar for anten «Heimelag» eller «Bortelag» alt etter kva som gjeld den kampen.
  6. Når ein er heimelag har ein og ansvar for å skrive ut kamprapporten. Går ein inn på «Hjemmelagets tropp» står det oppe til venstre «skriv ut kamprapport». Pass på at ein ikkje skriv ut kamprapporten før ein har lagt inn troppen. Kan vere lurt å vente med å skrive ut kamprapporten til same dag som kampen er, slik at ein også får med bortelaget sin tropp på denne.
  7. Etter kampen noterer ein resultatet på kamprapporten, som skal signerast av dommar, og ein representant for heime- og bortelaget.
  8. Kamprapporten lastar ein opp i biletet «Opplysningar».
  9. I tillegg til å laste opp kamprapporten kan ein skrive inn sluttresultatet i vindauga som heiter «Resultat»
  10. Hugs å lagre J

Etter ein kamp er det heimelaget sitt ansvar å rapportere inn resultatet, seinast dagen etter kampslutt. I tillegg til FIKS så kan ein og gjere det på:

 - SMS til 2223: «resultat kampnummer mål(hjemmelag)-mål(bortelag)» Eksempel: resultat 03216102043 2-1

- Via Min Fotball-appen


Ein kan og få meir brukarhjelp ved å gå inn her


SPONSORAR

      

      

   


     

                                                                                                

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift