FBK Voss

Ungdomsfotballkveld

Ungdomsfotballkveld

Ungdomsfotballkvelden vert gjennomført for alle i klubben som har verv i ungdomsfotballen. Trenarar, lagleiarar, foreldre og klubben sitt styre kjem saman for å kurse seg i verdigrunnlag, tilrettelegging og god fotballaktivitet i praksis. 

Sentrale tema

Verdigrunnlag og bodskap i ungdomsfotballen

  • Fotball for alle
  • Tryggleik vs. Utfordringar + Mestring = Trivsel og Utvikling
  • Fair play - det handlar om respekt

Korleis skal klubben legge til rette for god ungdomsfotball?

  • Ungdommen: karakteristika og medbestemming
  • Fair play på og utanfor bana:
    • ​På benekn, på bana, på tribunen
    • Dommaren som medspelar
    • Det handlar om å ta vare på kvarandre
    • Fair Play kontraktar
  • ​Korleis legge til rette for ein god overgang frå barne- til ungdomsfotballen?
  • Korleis legge til rette for dei ulike løpa i ungdomsfotballen?
    • ​For dei som vil trene og spele litt
    • For dei som ynskjer og som har forutsetningar til å fotballspelarar på høgt nivå. 
    • For dei som ynskjer å bli i fotballfamilien som trenar, leiar eller dommar.

God fotballaktivitet i praksis i forhold til  forutsetningar og ambisjonar

 

Praktisk informasjon

Varigheit: Ein kveld

Innhald: Verdigrunnlag, tilrettelegging og god fotballaktivitet i praksis

Metode: 1,5 time teori og 2,5 time praksis

 


Kurs 2018: Det er ikkje satt dato for 2018 - vil vere på plass i løpet av mars

Påmelding til: sport@fbkvoss.no med følgjande informasjon: 

  • Namn, klubb og lag 

 


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift