FBK Voss

NFF Grasrottrenaren

NFF Grasrottrenaren

NFF Grasrottrenaren - lisensutdanning er trinn 1 av 4 i NFF sin trenarstege. Primærmålgruppa er trenarar i barne- og ungdomsfotballen, samt alle som har som ambisjon å vere trenar i spelaeutviklingssegmentet og vaksenfotballen. Utdanninga er delt inn i fire sjølvstendige delkurs som byggjer på kvarandre, der det er ynskjeleg at ein startar med delkurs 1 og avsluttar med delkurs 4. For ein mamma- og pappatrenar vil det vere gunstig å ta eit delkurs for så å praktisere med sitt lag i nokre år. Så går ein vidare på neste delkurs. Dette gir ein trygg progresjon og vil auke sjansen for å bli ein god barne- og ungdomstrenar.

Føremål:

  • Å gje deltakarane sertifisert trenarutdanning
  • Å auke kompetansenivået blant trenarane, primært med tanke på det daglege verke på treningsfeltet

Innhald

Fotballfaget:

  • Å planlegge å gjennomføre god fotballaktivitet
  • Å rettleia spelarar og laget på ein god måte i trening og kamp
  • Å nytte seg av NFF sin skuleringsplan og Landslagsskulen samt å nytte Treningsøkta.no inn mot spelarar, lag og klubb
  • Om totalbelastning, skadeførebygging, kosthald og restitusjon
  • Fotballfysikk
  • Målvakt og laget

Utvikling og læring:

  • Trenaren som rollemodell for trivsel og miljø
  • Å kunne legge til rette for riktig og tilpassa fotballaktivitet
  • Å vektlegge ei mestringsorientert tilnærming til læring
  • Å nytte seg av feedback og rettleiing som er mestringsorientert

Klubben som sjef:

  • Fotballen sitt verdigrunnlag og konsekvensar for trenaren, laget og klubben
  • Legge til rette for ulike laup i barne- og ungdomsfotballen
  • Trenaren sine rettigheiter og plikter
  • Laget og klubben sitt årshjul

Dei ulike delkursa

  1. Barnefotballkurset: Fire modular á 4 timar kvar - totalt 16 timar
  2. Barnefotball - flest mogleg med kvalitet: Fire modular á 4 timer kvar - totalt 20 timar inkludert Keepertrenarkurs 1, Del 1: Barnefotball
  3. Mot Ungdom - lengst mogleg: Fire modular á 4 timer kvar - totalt 16 timar
  4. Ungdomsfotball - lengst mogleg - best mogleg: Fem modular á 4 timar kvar - totalt 20 timar inkludert Keepertrenarkurs 1, Del 2: Ungdomsfotball

 

NFF sin handlingsplan 2016 - 2020 

I NFF sin handlingsplan 2016 - 2020 er det eit uttrykt mål at i alle klubbar med barne- og ungdomsavdelingar i Noreg:

  • Skal ha ein trenar på kvart årstrinn i barne- og ungdomsfotballen med Grasrottrenar kompetanse
  • Alle trenarar i barnefotballen skla ha delteke på barnefotballkvelden, samt å ha fullført delkurs 1 og følgjeleg ha autoriasjon som Barnefotballtrenar.
  • Alle trenarar i ungdomsfotballen skal ha delteke på ungdomsfotballkvelden, samt ha fullført delkurs 3 eller 4

 

FBK Voss - Trenarutvikling (henta frå Sportsplanen) 

10.1 Målsetting

FBK Voss skal leggje til rette for trenarutvikling som er tilpassa dei sportslege målsettingane til klubben. Trenarane er dei viktigaste ressurspersonane når det gjeld å drive fotballaktiviteten etter dei verdiane og målsettingane som klubben har. Trenarutvikling betyr å skape gode møteplassar for utveksling av erfaringar og bygging av det sosiale trenarfellesskapet. Trenarutvikling betyr og å gje dei trenarane som ynskjer det tilbod om utdanning. 

10.2 Konsekvensar av målsettinga

I kvalitetsklubbprosjektet ligg det visse krav til klubben når det gjeld utdanning av trenarar. FBK Voss har som målsetting å bli godkjend som Kvalitetsklubb på Nivå 1, som igjen betyr at eit løft på utdanningssida er viktig for klubben. Me meiner at utdanning av trenarar er eit viktig verktøy for å skape tryggleik, trivsel og tilhøyra både for spelarar og trenarar. At trenarane føler at dei meistrar og utviklar seg på feltet trur me at vil vere med å halde dei både lenge og godt i fotballen. Gjennom å skape møteplassar for trenarane på tvers av lag og nivå, ynskjer me å skape eit fellesskap der ein drar veksel på kvarandre sine erfaringar og får gode faglege og sosiale diskusjonar rundt det å vere fotballtrenar.  

Kurs sesongen 2018

Grasrottrenar Delkurs 1 vert arrangert på Voss i løpet av våren 2018. Kurshaldar vil vere Trond Storheim. 

Dato for kurset vert publisert når den er klar ! 

Påmelding til sport@fbkvoss.no

Grasrottrenar Delkurs 2 vert arrangert i Ulvik helga 16. - 18.mars. 

  • Fredag 16.mars
  • Laurdag 17.mars
  • Søndag 18.mars 

Påmelding til sport@fbkvoss.no innan tysdag 6.mars. 


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift