FBK Voss

Basistrening i Barnefotballen

Basistrening i Barnefotballen

Basistrening i barnefotballen

Bakgrunn: Fotballklubben Voss er i namnet ein fotballklubb. Mange av borna som spelar fotball hjå oss er i tillegg knytt til andre klubbar og idrettar, og mange har meir enn nok å nytte tida si på. Men for dei som ikkje nødvendigvis driv med andre idrettar på vinterstid eller som har lyst på ei morosam og kjekk inneøkt på tvers av alder og kjønn så er denne økta for dykk. 

Målsetjing: For å skape eit godt treningsgrunnlag så er allsidig aktivitet viktig. Me ynskjer at basistreninga skal vere skadeførebyggjande, prestasjonsframjande og vere med på å lage eit grunnlag som gjer at ei tålar meir trening. Tilbodet er eit supplement til all anna aktivitet og skal ikkje stjele av aktivitetstida til andre idrettar!!

Deltaking og påmelding: Me treng å vete sån ca. kor mange som ynskjer å nytte seg av dette tilbodet. Det vert difor oppretta ein tråd på kvar av årgangane sine facebookgrupper. Her melder ein i frå OM EIN KJEM PÅ TRENING (Treng ikkje gje beskjed om ein ikkje kjem). 

Korleis: 1. - 3.klassingane møter på måndagar 16.30 - 18:00 i Idrettshallen på Voss Gymnas. 4. - 6.klasse møter på torsdagar 16:30 - 18:00 i Idrettshallen på Voss Gymnas. Instruktørarar på øktene vil variere litt. Om det sitt nokon heime og tenkjer at her kunne eg ha bidrege så er det berre å sende ein e-post til sport@fbkvoss.no ! 

 

Veke Måndag 1.-3.klasse Torsdag 4.-6.klasse Utstyr
3

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og stafettar

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Agility m/u ball

Innesko og treningsklede til å vere inne.

Drikkeflaske


4

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og turn

 

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Trampett, spenst og hurtigheit

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

5

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og hinderløype

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Hinderløype og styrke

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

6

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og stafettar

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Agility m/u ball

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

7

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og turn

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Trampett, spenst og hurtigheit

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

8 VINTERFERIE VINTERFERIE VINTERFERIE
9

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og hinderløype

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Hinderløype og styrke

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

10

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og Stafettar

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Agility m/u ball

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

11

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Leik og turn

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Trampett, spenst og hurtigheit

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

12

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Overrasking! 

Oppvarming: Skadefri

Hovuddel: Overrasking

Innesko og treningsklede til å vere inne. 

Drikkeflaske

 

Som med all anna aktivitet som klubben driv så er det viktig at alle som deltek har ei forståing for at det er visse reglar og retningslinjer som lyt følgjast om aktiviteten skal vere morosam for alle. Når det gjeld basisøktene gjeld følgjande reglar:

  1. Me har tilgang til garderobar. Desse ligg til høgre inn gangen når ein kjem ned trappa og er merka med jente- eller gutegarderobe. Uansett kor mykje ein skal skifte så skal ein inn garderoben og byte sko der. Ein går så ut døra som er i andre enden enn den ein nytta for å kome inn i garderoben, og ein kjem då ut i  "barfot-gangen" som er ein gang der ein ikkje skal nytte utesko. 
  2. Ein går så inn i Idrettshallen. Ein skal ikkje nytte noko av utstyret før treninga startar så lenge ein ikkje får beskjed om anna! 
  3. Alle drikkeflaskene skal stå fint plassert inntil veggen.
  4. Når trenarane bles i fløyta skal ein vere stille og høyre etter kva beskjedar som vert gitt. 
  5. Felles drikkepausar når ein får beskjed om det. 
  6. Alle skal hjelpe til å rydde når økta er ferdig. 
  7. Trenarane eller andre ansvarlege skal handheve desse reglane, og det vert gitt timout til spelarar som ikkje følgjer reglane eller som på andre måtar øydelegg treninga for dei andre spelarane. 

 


SPONSORAR

      

      

   


     

                                                                                                

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift