FBK Voss

Sportsplan

Sportsplan

Ny Sportsplan nesten klar ! 

Då nærmar arbeidet med den nye Sportsplanen seg slutten. I den anledning ynskjer me at alle som bryr seg om Fotballklubben Voss og den aktiviteten me driv tek seg tida til å lese gjennom og kome med tilbakemeldingar. 

Sportsplanen skal vere eit levande dokument for og av alle klubben sine medlem. Sportsplanen skal stake ut kursen for den sportslege aktiviteten og det er difor viktig at dette er eit dokument som alle bryr seg om!

Sportsplanen er ikkej endeleg vedteke. På Årsmøte ynskte ein at det skulle settast ned eit utval som jobab vidare med planen før den vert endeleg vedteke. Fram til då skal den fungere som klubben sin førebels Sportsplan. 

Å knyte Sportsplanen til aktiviteten kan vere utfordrande. Me jobbar difor med ei utviklingstrapp både i barne- og ungdomsfotballen som skal hjelpe med dette. Enn så lenge så er det berre utkastet til utviklingstrappa i barnefotballen som er klart. Du finn den her !

Tilbakemeldingar kan sendast på e-post til: sport@fbkvoss.no


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR









©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift