FBK Voss

Avslutningsturnering i barnefotballen 2017

Avslutningsturnering i barnefotballen 2017

 

Avslutningsturnering i barnefotballen for sesongen 2017

 

Dato: Laurdag 11.november     Stad: Voss Idrettshall     Klokkeslett: 09:30 – 16:00

I år er det 3.klasse ved Idrettslinja på Voss Gymnas som vil arrangere turneringa. Dei har då ansvaret for planlegging og gjennomføring, sjølvsagt i samråd med oss på kontoret 😊

Sanna og Silje tek i mot påmelding og lagar kampoppsettet. Etter planleggingsmøte forstod me at det var ynskeleg å så langt det lar seg gjere halde på dei spelformene ein har i sesongen. Det betyr at ein speler som følgjer:

2011 og 2010: 3ar

2009 – 2007: 5ar

Påmelding gjer de til sport@fbkvoss.no innan fredag 3.november. Her treng me følgjande info:

  1. Namn på laget
  2. Årstal fødd
  3. Kontaktperson

Ta omsyn til kor mange spelarar som har meldt seg på når de melder på lag. Prøv å unngå å ha mange innbyttarar per lag. Det er meininga at det skal bli tre kampar per lag, men dette kjem sjølvsagt an på kor mange som melder seg på. Ta kontakt om det er spørsmål! 😊

Håpar at alle prioriterer denne turneringa! 😊

Me sender ut kampoppsett og meir informasjon i starten av veke 45! 

 

Praktisk informasjon

  • Ein skal nytte innsko eller joggesko med lys såle
  • Alle skal ha på seg leggskinn
  • Fells igangsetting av kampar
  • Alle laga spelar 3 kampar
  • Det vert sal av mat og drikke i kiosk

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift