FBK Voss

Utstyr lag og spelarar

Utstyr lag og spelarar

Lagsutstyr

Alle lag/årgangar i Fotballklubben Voss får kvar sitt lagsutstyr som dei skal nytte til treningar og kamp. Dette lagsutstyret består av ballar (minimum 1 per spelar), vestar (minimum 2 fargar) og hattar. Laga kan også få utlevert kjegler dersom dei ynskjer dette. Lagsutstyret må takast godt vare på! Alle ballar skal teljast over før trening/kamp og ein skal ha med same antal inn att. Dette er både trenarar, lagleiarar og spelarar sitt ansvar!

Alt lagsutstyr skal oppbevarast i dei 2 brakkene som står oppført ved KIWI-bana. Brakka nærast garasjen tilhøyrer Ungdoms- og seniorlaga, brakka nærast skogen tilhøyrer Barnefotballen.

I Barnefotballbrakka er det hengt opp ei knaggrekke per årgang (for begge kjønn). Her skal ballnett, vestar og hattar oppbevarast mellom treningar og kampar.

I Ungdoms- og seniorfotballbrakka er det 4 rom med «oppbevaringsbur» til lagsutstyret. Kvart lag har 1 «bur» til disposisjon. Hald orden!

Kvart lag i Barnefotballen får utdelt kvar si fyrstehjelpspakke før sesongen. I Ungdoms- og seniorfotballen får ein i tillegg til fyrstehjelpsutstyr også utlevert isposar, kompress og teip etter behov. Dette får ein utlevert på kontoret. 

Lagsutstyr ved sesongslutt - kva gjer ein? 

Alt utstyr i barne- og ungdomsfotballen må frå 1.desember vera på plassen sin i brakkene. Dette gjeld også medisinsk utstyr og keeperhanskar. I løpet av desember månad går ein gjennom, tel over, supplerer og merker utstyr. Alle ballar blir merka med kjønn og alder. Utstyret (som ikkje treng bestillast) skal vera klart i brakkene til bruk frå januar. Spesielle ynskjer for utstyr kan takast opp med administrasjonen.  

Fellsutstyr

I tillegg til lagsutstyret har klubben ein del fellesutstyr. I yttergangen i Barnefotballbrakka er det eit bord med kampvert-vestar, hattar til oppmerking av banar i barnefotballen og flate markørar til oppmerking av 9àr banar (skal kun nyttast til 9àr!). Bak døra inne i sjølve brakka finn ein samanleggbare små-mål som kan nyttast i trening.  Innerst i brakka finn ein stegar, hekkar og ringar som kan nyttast til Agillity-trening. På kontoret fins det strikkar som kan nyttast i styrke- og agillitytrening. Utanfor garasjen – mot KIWI-bana – er det eit bur med «pinnar» som dei som ynskjer kan nytta. 

Drakter

Barnefotballen

I Barnefotballen vert det utdelt ei drakt til kvar spelar på lagslista. Her vert det oppført kva storleik og draktnummer kvar spelar får. Dette er spelaren/foreldra sitt ansvar å ha kontroll på gjennom sesongen. Draktene vert levert ut til lagleiar/trenar før Vårslepp Cup i april eller før om lag skal delta på andre cupar/kampar. Barnefotballdraktene kjem i storleikane 140 og 164. I tillegg har ein trykt nokre større drakter dersom det er spelarar som har behov for det. Shorts og sokkar står kvar spelar for. Draktene skal leverast inn etter Avslutningsturneringa eller siste kamp/turnering for sesongen. 

Ungdomsfotballen

I Ungdomsfotballen vert det utdelt ei drakt til kvar spelar på lagslista til og med gutar 16/jenter 17. Lagleiar/trenar kan også få låne nokre ekstra-drakter om det er veldig stor flyt mellom lag/spelargrupper. Draktene vert levert ut før fyrste treningskamp/Cup/kamp vinter/vår. Det er spelaren/foreldre sitt ansvar å ha kontroll på drakta iløpet av sesongen. Shorts og sokkar står kvar spelar for. Draktene skal leverast inn etter siste kamp i sesongen.  

Senior og junior

På junior- og seniorlaga er det lagleiar som har kontroll på draktene og vaskar desse mellom kampane. På junior 1 og alle seniorlaga fylgjer det òg med shorts- og sokkar i bagen til kvar kamp. Ein har også eitt sett med kvite borte-drakter både på kvinne- og herresida som i hovudsak vert nytta på seniorlaga. 

Keeperdrakt og hanskar

Keeperdrakter og hanskar vert delt ut saman med draktene og skal vera ein del av lagsutstyret. Det skal vera minimum 1 drakt og 1 par hanskar per lag. I Ungdomsfotballen kan keeperdrakt (og hanskar) fylgja ein spelar dersom denne berre står i mål.  

 


SPONSORAR

      

      

   


     

                                                                                                

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift