FBK Voss

Ola-prisen

Ola-prisen

For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard tatt initativet til Ola-prisen. Prisen vart delt ut fyrste gong på Årsfesten i ungdomsfotballen torsdag 10.november 2016. 

 

For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard tatt initativet til Ola-prisen. Prisen skal kvart år delast ut til ein spelar i FBK Voss i alderen 13 - 19 år. Utdelinga vil kvart år finne stad på Årsfesten i ungdomsfotballen.

Ola Egge Ødegaard omkom sommaren 2013 i ei arbeidsulykke. Ola trakka sine fyrste fotballsko på idrottsplassen og spelte i FBK Voss heilt til vaksen alder. Han var ein allsidig spelar som kunne nyttast i dei fleste posisjonar på bana. Ola var ein fotballenstuasiast som hadde eit stort engasjement både på og av bana og som stilte opp der det trengtes. Men det han tross av alt likte best var nettopp å spele fotball. Fleire 1000 timar vart nytta på fotballbana på lagstreningar, med vener eller åleina, berre han og fotballen. Dette var fotballånda til Ola og familien hans. Dei verdiane og haldningane som Ola stod for og viste i alt han gjorde ynskjer FBK Voss å framheve og sette pris på gjennom utdelinga av Ola-prisen. 

«Ola-prisen vert kvart år delt ut til ein spelar i FBK Voss som over tid har synt stor iver og eit over gjennomsnittet engasjement for fotballen, laget og klubben. Ein ynskjer å gje ei påskjønning til lagspelaren med gode haldningar, som møter på trening for å trene og som ynskjer å utvikle seg. Det vert lagt vekt på at spelaren er ein viktig bidragsytar inn mot gruppa og laget.»

FBK Voss ynskjer at både trenarar, støtteapparat, medspelarar eller andre med innblikk i aktiviteten på laga og/eller klubben fremjer grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar. Oppmodar alle til å sette seg ned å tenkje gjennom kven som fortener å motta ein slik pris. Skriv ned ei grunngjeving og send denne i lag med namnet på kandidaten til e-post: sport@fbkvoss.no

 

Statuttar Ola-prisen

  1. For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard tatt initiativ til utdeling av Ola-prisen.
  2. Ola-prisen er eit bilete av Sveinung Iversen.
  3. Prisen vert delt ut til ein spelar i alderen 13 – 19 år i Fotballklubben Voss (FBK Voss).
  4. Trenarar, støtteapparat eller andre med innblikk i aktiviteten på laga og/eller klubben har høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.
  5. Ola-prisen vert utdelt på årsfesten til FBK Voss. Styret utnemner kvart år ein komité som vurderer kandidatane og gjer vedtak.
  6. Ein spelar kan kun tildelast Ola-prisen ein gong.  

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products