FBK Voss

Klubben sine lover

Klubben sine lover

LOV FOR FOTBALLKLUBBEN VOSS

Vedteken den 18.11.1990 med seinare endringar seinast av 07.03.06 (???)

§ 1 Formål

Klubben sitt formål er å driva idrett organisert i Noregs Idrettsforbund og Olympiske og Paralympiske komitê (NIF). Oppgåva vidare er gjennom samarbeid og kameratskap å fremja fotballsporten i sunne former. Medlemar kan med styret sitt samtykke nytta laget sitt namn ved andre idrettstevlingar. Klubben sitt namn er FOTBALLKLUBBEN VOSS (forkorta Fbk Voss) og fargane er raudt og kvitt.

§ 2 Organisasjon

Klubben er medlem av NIF gjennom Hordaland Idrettskrets og Hordaland Fotballkrets. Klubben er medlem av det særforbundet som klubben sitt årsmøte avgjer. Klubben har sete i Voss Kommune, og er medlem av idretten sitt kontaktutval i kommunen, Voss Idrettsråd. Klubben er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemar.

§ 3 Medlemmar

  1. Vanlege medlemmar: Alle som aksepterer klubben og overordna idrettsorgan sine lover og vedtekter kan verta tatt opp som medlemmar. Dessutan må alle som er medlem følgja lovene til NIF, andre organisasjonsledd og klubben sine eigne lover og vedtekter. Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at økonomiske plikter til andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp. Medlemskap i klubben er fyrst gyldig og vert rekna frå den dagen fyrste kontingent er betalt. Opptak av nytt medlem skal straks førast i medlemsprotokollen. Heidersmerke, medlemmar som har gjort seg fortente til det, kan få tildelt klubben sitt heidersmerke. Etter æresmedlem er dette den høgaste utmerkinga i Fbk Voss. Heidersmerket kan verta tildelt medlemmar i Fbk Voss som har gjort særleg store tenester sportsleg og/eller administrativt, og dertil vore medlem i minst 20 år. Alle medlemmar har rett til å føreslå kandidatar til heidersmerke. Slike forslag skal leverast til styret i Fbk Voss. Det er eit einstemmig styre som kan tildela heidersmerket og tildelinga vil skje på årsmøte/årsfest.
  2. Æresmedlemar: Æresmedlemskap er den høgaste utmerkinga i Fbk Voss, og vert berre tildelt i heilt spesielle tilfelle. Æresmedlemar nyt alle klubbrettar, og medlemskapen varar livet ut. Æresmedlemar betalar ikkje medlemskontigent. Æresmedlemskap vert tildelt medlemar som har vore medlem i minst 25 år, og som har utført særleg store tenester sportsleg og/eller administrativt for Fbk Voss. Dersom det er særskilt gode grunnar til det, kan æresmedlemskap tildelast personar som ikkje er medlem. I slike tilfelle kan det også tildelast æresmedlemskap til medlemmar som ikkje har vore medlem i 25 år. Alle medlemar har rett til å føreslå kandidatar til æresmedlemskap. Slike forslag skal leverast til styret i Fbk Voss. Styret har rett til å leggje fram for årsmøtet forslag til æresmedlemskap. Det krevst ¾ fleirtal for at æresmedlemskapen skal verta vedtatt. Tildeling vil skje på årsmøtet/årsfest.

§ 4 Medlemskontingent og avgifter

Kontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast forskotsvis. Andre avgifter/eigendelar kan krevjast for å delta i klubben sine aktivitetstilbod.

§ 5 Kven har stemmerett og kven kan veljast

For å ha stemmerett på klubben sine møte må eit medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulda klubben kontingent. Ingen kan møta eller stemma ved fullmakt. Alle medlemar som har stemmerett og som ikkje er arbeidstakar i klubben, er valføre til tillitsverv i klubben, og som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Tillitsvald kan ikkje samstundes vera arbeidstakar i laget.

Spelar med kontrakt og medlemskap i laget kan likevel verta vald som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd. Medlemar som skuldar kontingent for meir enn eit år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og kan av styret verta strokne som medlem i klubben. Nytt medlemsskap kan ikkje opprettast før skuldig kontingent og andre plikter er ordna. Styret har høve til å setja ned eller fråfalle kontingent ved sjukdom, arbeidsløyse, militærteneste eller av andre gyldige grunnar.

§ 6 Godtgjersle til tillitsvalde

For refusjon av utgifter og godtgjersle til klubben sine tillitsvalde gjeld: Tillitsvald kan få refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vedkomande vert påført i utføringa av vervet. Tillitsvald kan ta i mot ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. Utgifter til tapt arbeidsforteneste og til godtgjersle skal gå fram av budsjett og rekneskap.

§ 7 Inhabilitet

Tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette er inhabile til å tilretteleggje grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:

  • Når vedkomande sjølv er part i saka
  • Når vedkomande er i slekt eller svogerskap med ein part i oppstigande eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken
  • Når vedkomande er gift med eller forlova eller sambuar med ein part
  • Når vedkomande er leiar for eller har leiande stilling i eller er medlem av styret i eit selskap som er part i saka.

Sameleis er tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette inhabile når andre særeigne tilhøve ligg føre som kan svekke tilliten til vedkomande er upartisk, mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjera i saka kan gje særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande sjølv eller nokon som vedkomande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om inhabilitetsmotsegn er reist av nokon part. Inhabilitetsspørsmålet vert avgjort av det aktuelle organet.

Inhabilitetsreglane skal ikkje nyttast dersom det er innlysande at den tillitsvalde eller tilsette til tilknyting til saka eller partane ikkje vil kunne påverke vedkomande sine standpunkt og at idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkomande bør vike sete. Er ein overordna inhabil, kan avgjerda i saken heller ikkje treffast av direkte underordna i det same organisasjonsleddet. Med part vert det her meint tillitsvalde, oppnemnde representantar og tilsette som ei avgjerd rettar seg mot eller som saka elles direkte gjeld. Ovannemnde inhabilitetsreglar gjeld ikkje på årsmøtet.

§ 8 Straffesaker

For alle straffesaker gjeld NIF si lov kapittel 11 og 12 (NIFs Straffebestemmelser).

§ 9 Årsmøte

Klubben si øvste myndigheit er årsmøtet som skal vera kvart år i februar månad. Styret kallar inn til årsmøtet med minst 1 månad varsel, direkte til medlemane eller ved kunngjering i pressa, eventuelt på klubben si internettside.

Framlegg må vera sendt styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste og andre nødvendige saksdokument må vera tilgjengeleg for medlemane seinast ei veke før årsmøtet.

Alle av klubben sine medlem har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitera andre personar/og eller media til å vera til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemmar i klubben. Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemar som minst svarar til talet på styremedlemar. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det kallast inn til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.

Årsmøtet kan ikkje behandla framlegg om lovendring som ikkje er oppført på utsendt/kunngjort saksliste. Andre saker kan behandlast og verta avgjort når 2/3 av dei røysteføre krev det, ved godkjenning av sakslista.

§ 10 Leiing av årsmøtet

Årsmøtet skal vera leia av ein vald(e) dirigent(ar). Dirigenten/ane treng ikkje vera medlem av klubben.

§ 11 Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal:

  1. Godkjenne dei som har stemmerett
  2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
  3. Velje dirigent(ar), sekretær(ar) og 2 representantar til å skrive under protokollen
  4. Handsame klubben si årsmelding, medrekna eventuelle gruppeårsmeldingar
  5. Handsame klubben sin rekneskap i revidert stand
  6. Handsame innkomne forslag og saker
  7. Fastsetje medlemskontingenten
  8. Vedta klubben sitt budsjett
  9. Gjera følgjande val:
    1. Leiar og nestleiar
    2. 6 styremedlem og 1 varamedlem
    3. Kontrollkomite på to medlemar med to varamedlemar
    4. Engasjera statsautorisert/registrert revisor til å revidera klubben sin rekneskap
    5. Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som idrettslaget er tilslutta
    6. Valkomitè med leiar og 2 medlemar og 1 varamedlem for neste årsmøte

Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter vert varamedlemene valde samla, og ved skriftleg val vert rekkefølgja avgjord i høve til stemmetala.

Ved vala skal det veljast kandidatar/representantar frå begge kjønn. Samansetjinga skal vere høvesvis i samsvar med kjønnsfordelinga i medlemsmassen i klubben, men likevel slik at det skal vere minst to representantar frå kvart kjønn. I grupper, råd og utval m.m. som har 2 eller 3 medlemar skal begge kjønn vere representert.

§ 12 Stemmegjeving på årsmøtet

Med mindre anna er lovfesta skal eit vedtak for å vere gyldig ha fått vanleg fleirtal av dei avgjevne stemmene. Val skjer skriftleg dersom det ligg føre meir enn eitt forslag eller det vert fremja krav om det. Dersom det skal vere skriftlege val, kan det berre førast opp kandidatar som det er gjort forslag om på stemmesetelen. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som det ikkje var forslag om, eller som ikkje har det talet det skal stemmast over, tel ikkje, og stemmene vert rekna som ikkje avgjevne.

Når eit val skjer enkeltvis og ein kandidat ikkje får meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene, skal det haldast omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, vert valet avgjort ved loddtrekning.

Når det ved val skal veljast fleire ved ei avstemming, må alle, for å verta valde ha meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemar.

Dersom ikkje mange nok kandidatar har oppnådd dette i første omgang, vert dei valde som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det vert så halde bunde omval mellom dei andre kandidatane, og etter denne avstemminga er dei valde som har fått flest stemmer. Er det ved omval stemmelikskap, vert valet avgjort ved loddtrekning.

§ 13 Omframt årsmøte

Ekstraordinært årsmøte i klubben vert kalla inn av styret minst 14 dagar på førehand etter:

  • Vedtak på årsmøtet i klubben
  • Vedtak i styret i klubben
  • Skriftleg krav frå 1/3 av medlemane i klubben
  • Krav etter vedtak i overordna organisasjonsledd: NIF eller idrettskrets.

Ekstraordinært årsmøte i klubben skal berre handsame dei sakene som er med i vedtaket eller i kravet om innkalling av årsmøtet.

§ 14 Styret

Klubben vert leia av styret som har øvste myndigheit mellom årsmøta. Styret skal:

Setja i kraft årsmøtevedtak og overordna idrettsstyresmakter sine vedtak og avgjerder.

  1. Oppnemna etter behov komitear/utval/personar for spesielle oppgåver, og utarbeida instruks for desse.
  2. Administrera og føra nødvendig kontroll med klubben sin økonomi i samsvar med dei instruksar og avgjerder som til ei kvar tid er gjeldande for idretten.
  3. Representera klubben.
  4. Etter beste evne løysa klubben sine oppgåver, jfr. § 1

Styret skal halde møte når leiar avgjer det, eller eit fleirtal av styremedlem krev det. Eit møte er vedtaksført når eit fleirtal av styret sine medlemmar er til stades. Det vert ført protokoll over styret sine møter. Alle vedtak i styret vert fatta med fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ved stemmelikskap gjer formannen si stemme utslag.

§ 15 Grupper/avdelingar

Klubben kan organiserast med avdelingar og/eller grupper. Desse kan verta leia av oppnemnde tillitspersonar eller av valde styre. Klubben sitt årsmøte avgjer opprettinga av avdelingar/grupper, og korleis desse skal vera organiserte og leia. For avdelingar/grupper sine økonomiske plikter, vert heile klubben hefta, og avdelingar/grupper kan ikkje inngå avtalar eller representera klubben utan styret si godkjenning.

§ 16 Lovendring

Endring i denne lova kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte, etter å ha vore ført opp på sakslista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene. Lovendringar må sendast til Idrettsstyret til godkjenning, og gjeld ikkje før dei er godkjende. § 16 kan ikkje endrast.

§ 17 Oppløysing

Oppløysing av klubben kan berre verta vedteken på vanleg årsmøte med 2/3 fleirtal. Vert oppløysinga vedteke, skal det haldast omframt årsmøte 3 månader seinare. For at klubben skal oppløysast, må vedtaket her og få minst 2/3 fleirtal.

Samanslutning med andre klubbar/lag, vert ikkje rekna som oppløysing av klubben. Vedtak om samanslutning, skal vera i samsvar med klubblova sine føresegner om lovendring, jfr. § 16. I tilfelle oppløysing fell klubben sine eigendelar til Noregs Idrettsforbund eller føremål godkjende av NIF.

Ved konkurs vert klubben rekna som oppløyst og misser såleis medlemskapen i NIF. Ved konkurs gjeld reglane i konkurslova og dekningslova.

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products