FBK Voss

Innetrening

Innetrening

Ungdomsskulen

Frå november til påske er det mogleg å trene inne på Ungdomsskulen måndag og fredag mellom 16:00 og 21:00. Frå 1.november til 31.desember opnar me opp for at alle laga som ynskjer det kan bestille treningstid. Senior- og ungdomsfotball + dei som har siste året i barnefotballen komande sesong vert prioritert. Treningstid her vert sett opp fortløpande når ein får inn ynskjer, så det er lurt å vere tidleg ute.

Frå 1.januar og fram til og med vinterferien er det kun ungdoms- og seniorfotballen som får tildelt treningstid. Ynskjer om dag og klokkelsett skal sendast til sport- og klubbutviklar seinast 1.desember.

Etter vinterferien og fram til påske er det barnefotballen som får treningstider på ungdomsskulen. Ynskjer om treningstid skal sendast sport- og klubbutviklar seinast 1.februar. 

Kvart lag/gruppe får 1 time til disposisjon. 

Måndag: 16:00 - 21:00 (plass til 5 lag)

Fredag 16:00 - 21:00 (plass til 5 lag)

Ber om forståing for at alle ikkje kan få dei treningstidene dei ynskjer, då det er avgrensa kor mykje tid ein har tilgjengleg. 

 

Ynskje om treningstid inne på Ungdomsskulen skal sendast til sport@fbkvoss.no

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products