FBK Voss

Akuttbehandling av skadar

Akuttbehandling av skadar

 

Målsettinga ved akuttbehandling av akutte skader er så langt det lar seg gjere å avgrense blødinga og førebyggje og lindre smerter, for på den måten å gje betre betingelsar for vidare behandling og tilheling av skaden. Det som er avgjerande for resultatet er at effektiv PRICEM-behandling vert satt i gang så fort som mogleg. Sjølv om det alltid som prinsipp er ynskjeleg å vite nøyaktig kva skade som føreligg, er det i akuttfasen endå viktigare å ikkje tape tid før behandlinga vert satt i gang. Ved mistanke om brot er det å beskytte området (P=protection), ise ned området (I=Ice) og nok varme til den skada som er det viktige. Ved mistanke om bløtdelsskadar (leddband, sener, musklar) er det å beskytte det skada området (P=protection), legge på kompress (C=compression) og til slutt å ise ned som er det viktigaste i akuttfasen.

P = protection = beskyttelse

R = rest = kvile

I = ice = is

C = compression = kompresjon

E = elevation = Elevasjon

M = mobilisering

Beskyttelse og kvile

Beskyttelse og kvile har som føremål å unngå ytterlegare skade og redusere blodtilføringa til det skada området, som under idrettsaktivitet kan vere meir enn ti gonger høgare enn kvileverdiar. Dette gjeld spesielt vev med høg blodgjennomstrøyming under aktivitet, for eksempel ved muskelskadar. Kvile er ikkje i seg sjølv nok til å stanse blødinga etter ein muskel- eller ligamentskade, men ytterlegare aktivitet vil føre til at blødinga aukar i omfang. Det er difor veldig viktig å avbryte aktiviteten med ei gong. Etter ein akutt skade i underekstremiteten (beina) skal ikkje den skada bære vekt dei to fyrste døgna. Det er difor ein fordel å nytte krykker.

Is

At det vert henta fram ein ispose når nokon får vondt/skadar seg under fotballaktivitet er vel noko av det mest vanlege ein ser. Men hovudeffekten er sannsynlegvis fyrst og fremst smertedemping. Kuldebehandling har mindre betydning for å redusere bløding. Når ein legg på ein ispose, reduserer ein blodgjennomstrøyminga 2 cm ned i djupet med berre 5 – 10 prosent i løpet av dei fyrst 10 minutta, men med meir enn 50 prosent i løpet av ein halv time. Blodstrøymen vert redusert betydeleg, men dette tek tid, og kuldebehandling åleina er ikkje nok for å stanse blødinga dei fyrste, kritiske minutta etter skade. Hugs å aldri bruk isposar direkte på huda!

Kompresjonsbehandling

Kompresjonsbehandling med elastisk bind er sannsynlegvis det viktigaste tiltaket for å avgrense hematonutvikling (bløding). Eit elastisk bind som ein strammar godt kan føre til at blodtilførselen vert redusert med 95 prosent i løpet av få sekund. Kompresjonsbehandlinga skal vedvare dei 48 fyrste timane etter skade!!

Elevasjon

Elevasjon er og ein måte å redusere blodstrøymen til skadestaden på. Men det skjer ingen reduksjon i blodstrøymen før skadestaden vert heva meir enn 30 cm over hjartenivå. Kontinuerleg elevasjon vert anbefalt dei fyrste 48 timane etter skade. Skadestaden må så høgt over hjartehøgde som mogleg og må byggast godt opp i senga om natta.

Mobilisering

Samtidig som det er viktig med ro og kvile er det og viktig å bevege skadeområdet kort tid etter skaden, men dette skal ikkje gjere veldig vondt. Bevegelse av skadeområdet skal skje utan belastning med roleg og kontrollerte rørsler. Tidleg mobilisering er med å korte ned skadeperioden og hindre utviklinga av arr-vev.

Generelt

Som trenar, spelar og foreldre så må ein vere litt strenge når det gjeld igangsetting av akuttbehandling. Når de fyrst gjer det så gjer det skikkeleg! Å slenge på ein ispose i midten av 1.omgang for så å spele 2.omgang har absolutt ingen ting for seg. Blodstrømminga vert høg igjen, skadestaden får ikkje beskyttelse og i verste fall skadar ein seg igjen. Det er ikkje det at me skal vere gnitne på isposa eller anna medisins utstyr, men hugs at det skal ha ein funksjon! Ikkje bygg opp under illusjonar som ein ser på tv av spelarar som mottek «behandling» med isspray eller vatn og er klare til kamp igjen. Anten så kan ein spele utan behandling eller så gjennomfører ein skikkeleg behandling og avstår frå vidare aktivitet.  

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift