FBK Voss

Kvalitetsklubb

Kvalitetsklubb

FBK Voss er i prosessen med å bli sertifisert som NFF Kvalitetsklubb nivå 1

 

I desember 2015 starta me prosessen med å bli Kvalitetsklubb nivå 1. Kvalitetsklubbprosjektet er eit konsept som er retningsgivande for utviklingsarbeidet i klubben og samarbeidet mellom klubb og forbund. I NFF sin Handlingsplan 2016 – 2019 er kvalitetsklubb trekt fram som eit av satsingsområda. Det me jobbar mot no er å nå nivå 1 som Kvalitetsklubb (det er 3 nivå). Utgangspunktet frå NFF er at godt strukturerte klubbar tiltrekker seg frivillige og gir grobotn for sunn barne- og ungdomsidrett. Nivå 1 er delt inn i Aktivitet, Organisasjon, Kompetanse og Samfunns- og verdiarbeid. 

I kvalitetsklubbprosjektet er det prosessen i seg sjølv som er viktig. Utviklinga bør skje nær aktiviteten, med eit sterkt eigarskap til det arbeidet som vert gjort. På denne måten byggjer ein kontinuitet og kultur. 

Målsettinga til klubben når det gjeld gjennomføringa av Kvalitetsklubbprosjektet er å oppnå ein tydeleg organisasjon der det skal verta lett å ta på seg oppgåver både knytt til lag og klubben generelt. Me er heilt avhengig av det frivillige arbeidet til klubben sine medlem for å skape god aktivitet både sportsleg og sosialt. 

For meir informasjon om Kvalitetsklubb trykk her

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products