FBK Voss

Fyrstehjelp

Fyrstehjelp

Fyrstehjelpskurs og hjartestartarkurs

På fotballbana opplever ein ofte skadar, både små og større. Skrubbsår på kneet, ein vrikka ankel eller hovudskade er noko dei fleste har vert borti, men veit ein eigentleg kva ein skal gjere for å behandle og ivareta på best mogleg måte?

Ein situasjon som sjeldan oppstår på fotballbana er hjartestans, men skulle ein oppleve at nokon sluttar å puste så er sjansen for at ein overleve større dersom dei rundt kan hjarte-lungeredning. Å vite kva ein skal gjere i dei ulike situasjonane vil gjere kvardagen tryggare for spelarane, og ikkje minst for deg som trenar og lagleiar. 

Difor inviterer klubben til fyrstehjelpskurs og hjartestartarkurs for alle trenarar, lagleiarar og eventuelt andre medlem i klubben som ynskjer å lære meir. Desse kursa vert satt opp i februar/mars kvart år

 

Gjennomføring av kurs 2017

I 2017 vart det halde fyrstehjepskurs (2 stk) og hjartestartarkurs (2 stk) frå 13. - 16. mars. Det var totalt 17 stk. som gjennomførte fyrstehjelpskurset og 10 stk. som gjennomførte hjartestartarkurset. Bodil Reime Sørlie var kurshaldar. 

Lærerike timar! laugh

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products