FBK Voss

"Ren Utøver"

"Ren Utøver"

Antidopingarbeid i FBK Voss

Klubben og alle klubben sine medlem er omfatta av idretten sine bestemmingar om doping. FBK Voss vart 5.februar 2010 registrert som «Reint Idrettslag». Idrettslaga i Noreg spelar ei viktige rolle i verdi- og antidopingarbeidet. Det er her utøvarane sine verdiar og haldningar for åra framover vert skapt. Doping er ei utfordring i ungdoms- og treningsmiljøet i Noreg, ikkje berre i internasjonal toppidrett. Dette ynskjer klubben å ta på alvor.

Målsettinga er at alle spelarar og trenarar i ungdoms- og seniorfotballen i FBK Voss skal gjennomføre e-læringsprogrammet «Ren Utøver». 

Kva er "Ren Utøver"

Opplæring og informasjon er ein viktig grunnpilar i antidopingarbeidet. «Ren Utøver» er bygd opp omkring sju utvalde område innanfor antidopingarbeidet. Det tek ca. 30 minutt å gjennomføre alle modulane, men det er ikkje nødvendig å ta alt på ei gong

Når du har fullført alle modulane, vil dette bli registrert og du vil få tilsendt eit diplom på e-post. 

Gå inn her og sett i gang ! laugh

Lykke til smiley                                                                                          

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift