FBK Voss

Dana Cup

Dana Cup

 

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Innhald

1. Dana Cup Komité. 2

1.1 Årshjul Dana Cup. 2

2. Informasjon om planlegging av Dana Cup. 2

2.1 Overnatting. 2

2.2 A-kort 3

2.3 Båt 3

2.4 Buss. 3

2.5 Kopi av pass. 3

2.5 Prisar. 3

3. Praktisk informasjon under turneringa. 4

3.1 Kveldsmøte. 4

3.2 Sikkerheit under turneringa. 4

3.3 Tips og triks frå erfarne Dana Cup-deltakarar. 4

4. Retningslinjer før og under turneringa organisering av lag og speletid. 5

4.1 Retningslinjer før turneringa. 5

4.2 Fleire lag i same årsklasse. 5

4.3 Retningslinjer under turneringa. 5

5. Generelt om turneringa. 6

1. Dana Cup Komité

Dana Cup vert organisert av ein Dana Cup komité. Kvart lag må stille med ein representant i denne komiteen. Komiteen vel ein leiar som er kontaktpersonen opp mot administrasjonen når det gjeld påmelding, bussbestilling og eventuelt andre ting som skulle dukke opp. Leiar for komiteen fungerer som reiseleiar under turneringa

 

1.1 Årshjul Dana Cup

Ein startar tidleg med planlegginga, om mogleg allereie i oktober året før. Det er mykje som skal planleggast og organiserast.

 

1. November: Laga bør gje ut informasjon til spelarar og foreldre om Dana Cup. Ein må få tilbakemelding om kor mange som kunne tenkje seg å vere med, utan at dette er bindande påmelding. Laga må utnemne ein eller fleire representantar til Dana Cup-komiteen.

15. Januar: Dana Cup-komiteen gjennomfører sitt fyrste møte og vel kontaktperson/reiseleiar. Ein gjer eit overslag over lag og spelarar og bestiller plass på båt hjå Dues Sportsreiser.

31.januar:  Endeleg påmelding frå laga med talet på spelarar og kor mange lag som skal vera med. Dette skal sendast til reiseleiar som samla sender endeleg tal til Dues Sportsreiser.

28. Februar: Bussjåførar på plass og buss bestilt.

12. Mars: Påmeldingsgebyr på kroner 2000,- per lag. Hugs at klubben betalar ut cup-tilskot på kroner 2000,- per påmelde lag i serien.

1. Mai: Påmeldingsfrist Dana Cup. Frist for å sende namnelister til Color Line.

25. Mai: Sluttfaktura for deltakarband

1. Juli: Innmelding av foto, spesialmat osb.

22. Juli: Siste frist for å levere klubben sine ordensreglar og kopi av passet til lagleiar. 

24. Juli – 29. juli: Turnering 2017

31. August: Oppsummeringsmøte årets Dana Cup

 

2. Informasjon om planlegging av Dana Cup

2.1 Overnatting

Alle laga bur på same skule. Det er frivillig for G19 og J19 om ein følgjer opplegget til klubben eller om ei ynskjer å ha eit eige opplegg. Vel ein alternativ plass å bu så skal alle i årsklassen bu i lag. Har ein for eksempel to lag i J19 skal begge laga bu på  same plass. Vel ein dette alternativet har ein sjølv ansvaret for å bestille og organisere buplass. Det er og viktig at busstransport vert planlagd nøye då Dana Cup sine bussar kun går til og frå skular.

2.2 A-kort

Bestiller ein gjennom Dues Sportsreiser.

Inkluderer:

Deltaking i Dana Cup
Heilpensjon, 3 måltid pr. dag frå kveldsmat måndag til lunsj laurdag.
Innkvartering på skule
Fri transport med Dana Cup sine bussar
Gratis inngang til svømmehallen
Gratis inngang til museum i Hjørring
Gratis inngang til Dana Cup sitt eventområde
Rabatt til Fårup Sommerland
Rabatt til Nordsøen Oceanarium

2.3 Båt

Vert bestilt gjennom Dues Sportsreiser. Alle betaler same sum uansett om dei er med buss begge vegar eller berre ein veg.

2.4 Buss

Dana Cup komiteen bestiller buss ut i frå kor mange påmelde spelarar det er. FBK Voss har i mange år vert heldige og fått tak i sjåførar til bussane som er med på Dana Cup heile veka. Ein kan ikkje forvente at dette er tilfelle kvart år.

2.5 Kopi av pass

Alle spelarar skal levere kopi av passet til lagleiar før avreise. Slik verdssituasjonen er i dag skal alle spelarar reise med pass! Lagleiar samlar inn passa, og når ein er framme i Danmark får ein låst desse inn på skulen

2.5 Prisar

Det kostar ca. 5500,- per spelar å delta på Dana Cup. Denne summen inkluderer:

A-kort, buss (tur/retur), båt, A-kort til bussjåførane, grillmat, Fårup, ei lite påskjønning til bussjåførane.

Klubben har forståing for at dette er mykje pengar. Om nokon ynskjer å vere med, men ser at det kan bli utfordrande økonomisk oppmodar me dykk til å ta kontakt med anten lagleiar, trenar eller administrasjonen i klubben slik at me kan løyse dette på best mogleg vis.

 

3. Praktisk informasjon under turneringa

Leiar av Dana Cup komiteen har hovudansvaret for det praktiske samarbeidet mellom laga under turneringa.

3.1 Kveldsmøte

Kvar kveld vert det halde møte for å planlegge neste dag. Kvart lag/årgang må vere representert med ein person på dette møtet. I forkant av møtet er det viktig at dei som representerer dei ulike laga/årgangane har full oversikt over kampprogrammet neste dag (banar, tidspunkt for avreise/eventuelt forventa oppmøte på banen og liknande).

3.2 Sikkerheit under turneringa

  • FBK Voss skal ha ein hovudleiar tilgjengeleg til ei kvar tid under turneringa.
  • Kvart lag skal ha minst 2 leiarar på dagtid
  • Kvart lag skal ha minst 2 leiarar på kveld og natt
  • Det skal minst være 1 voksen som søv på rommet saman med spelarane.
  • Alle spelarar og foreldre (for dei spelarane som er under 18 år) skal ha signert og levert klubben sine ordensreglar til laget sin Dana Cup-ansvarlege før avreise.

3.3 Tips og triks frå erfarne Dana Cup-deltakarar

  • Trenarane skal konsentrere seg om gjennomføring av kampar. Lagleiar og foreldre må ta ansvar for alt det andre
  • Kan vere nyttig for lagleiar å handle inn vatn, frukt, salte kjeks som er til alle på laget. På denne måten sikrar ein seg at spelarane i alle fall får i seg litt næring.
  • Lagleiar må ha med kopi av passa på alle kampar. Spelarane skal til ei kvar tid kunne dokumentere kven dei er og alderen om ein vert spurt.
  • Ver tydeleg på kva retningslinjer spelarane må følgje under turneringa og handhev desse.
  • Ha alltid eit smil på lur 😊  
  •  

4. Retningslinjer før og under turneringa organisering av lag og speletid

4.1 Retningslinjer før turneringa

  1. Fyrste året FBK Voss reiser på Dana Cup er det året spelarane fyller 14 år. Den eldste klassen i turneringa er 19-års klassen.
  2. For dei to eldste årsklassane (17 og 19 år) kan ein gjere vurderingar under turneringa i forhold til speletid, og kor mykje ein får spele. Men berre viss dette er avtalt på laga på førehand og spelarane er informert om dette før dei melder seg på! Skal klarerast med spelar- og trenarveiledar og/eller sportssjef.

4.2 Fleire lag i same årsklasse

Klubben har utarbeide visse retningslinjer som ein må følgje. For å skape minst mogleg konfliktar rundt inndeling av lag (når ein melder på fleire i same årsklasse), så er hovudregelen at ein held på den laginndelinga som ein har i serien. Her er det i serien ofte spelarar som spelar på fleire lag, det er difor viktig at ein så tidleg som mogleg klargjer kven som speler kor.

  1. Det er ikkje nivådeling i Dana Cup, noko som betyr at alle laga i årgangen vert meldt på i same klasse. Kan vere greitt å hugse på!

  2. Det skal kome tydeleg fram før spelarane melder seg korleis laga vert organisert og kva kriterier som ligg til grunn for kven som spelar kor. Det vil seie:
    1. Foreldremøte for dei laga der spelarane er under 18 år. Her skal ein sørgje for at kriteria vert lagt fram.
    2. Spelarmøte der kriteria vert gjort kjend for spelarane.
    3. Kva tidsperiode gjeld kriteria for? Gjennom sesongen, frå ein viss dato og liknande.
    4. Ein skal aldri basere laguttaka på eit einaste kriterie, det skal ALLTID vere fleire.

4.3 Retningslinjer under turneringa

  1. Ei målsetjing skal vere at alle spelarane i løpet av turneringa får minst 50 % speletid. Dette skal verte gjort kjend for spelarar og foreldre. Det er viktig at ein her klarar å sjå heile turneringa samla og at ein har forståing for at skadar og sjukdom kan føre til at dette målet kanskje ikkje vert nådd til punkt og prikke. For trenarane er det viktig å ta omsyn til dette viss ein melder på fleire lag i same årsklasse. Kor mange spelarar treng ein eigentleg på kvart lag?
  2. Det er vanleg at det vert meldt ned tre overårige spelarar frå laget/laga i klassen over. Bortsett i frå dei to eldste klassane (17 og 19 år), skal desse kun nyttast viss:
    1. Deira eige lag ikkje lenger er med i turneringa
    2. Det er skadar på laget slik at ein treng fleire spelarar.
    3. Så lenge laget er nok spelarar, vert dei overårige ikkje tatt med, eventuelt at dei er innbytarar. Dei skal ikkje «ta» speletid frå dei opprinnelege spelarane på laget.
    4. Dei overårige spelarane har ikkje rett på speletid!

 

5. Generelt om turneringa

«Trenarar og lagleiarar har ansvaret for at alle får speletid, samt at alle opplever innkludering og likeverd»

 

For FBK Voss har Dana Cup både ei sportsleg og sosial målsetting. Det kan vere lurt at laga sjølve vert einige om den sportslege målsettinga. Når det gjeld den sosiale målsettinga har alle som er med, det vere seg trenarar, lagleiarar, foreldre og spelarar eit ansvar for at alle får ei god oppleving. Laga organiserer mykje av den sosiale aktiviteten sjølv, men ALLE skal vere med på felles grilling på skulen.

Det er viktig at både spelarar, foreldre og trenarar har forståing for at det er ulike motivasjonar for å vere med på Dana Cup. Nokre ynskjer å spele gode kampar, nokre vil nå lengst mogleg, medan andre vil vera med vener og få seg nye vener. Men det er og blir ei fotballturnering og difor må alle få moglegheit til å spele kampar og ha det kjekt på fotballbana. Ingen skal vere med å vinne eller tape fotballkampar frå benken!

Klubben oppfordrar sterkt til at lag i same årsklasse møter opp og heier på kvarandre når kampane ikkje kolliderer.

 

 

God cup! 😊

 

 

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift