FBK Voss

Herre- og damelaget si ekstratrening

Herre- og damelaget si ekstratrening

For: Spelarar fødd 2010 - 2006

Stad: Olabanen

Tidspunkt: Onsdagar 17:00 - 18:00

26.april: Damelaget har økta

3.mai: Herrelaget har økta

10.mai: Herrelaget har økta

24.mai: Damelaget har økta

31.mai: Damelaget har økta

7.juni: Herrelaget har økta

14.juni: Herre- og damelaget har økta: Småbaneturnering

Målsetting

  • Tilby dei spelarane og trenarane som ynskjer det, ei ekstra økt i veka
  • Få ei felles forståing for korleis me kan organisere aktiviteten i barnefotballen

Organisering vert som følgjer:

  1. Spelaran møter på sine oppmøtepunkt. Alle tinga skal plasserast på asfalten!
  2. Det er i utgangspunktet ein trenar frå herre- eller damelaget på kvar årgang. Dette betyr at det er veldig vitkig at foreldre og/eller trenarar for dei aktuelle årgangane hjelper til eller leier øktar. 
  3. Økta startar med felles oppvarming før ein vert delt inn i grupper og skal gjennom følgjande stasjonar:
    1. Scoringstrening og/eller føring/finting/pasningsspel
    2. Leik/fotarbeid
    3. Tilpassa smålagsspel

Organiseringa tek utgangspunkt i at ein ynskjer å oppnå:

  • Stor aktivitet - korte pausar
  • Tydelege rammer for aktiviteten
  • Rettleiing og manipulering av øvinga i staden for instruksjon
  • Rutinar er tryggleik!

 

Til høgre ligg FBK Voss sine trivselsreglar. Les gjennom og bruk dei aktivt i fotballkvardagen laugh

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products