FBK Voss

"Speleklar"

"Speleklar"

"Speleklar" - internasjonalt anerkjend oppvarming

Oppvarmingsprogrammet "Speleklar", også kjend som "The 11+" er laga for at fotballspelarar skal halde seg skadefri. Programmet er basert på varierte balanse-, spenst- og styrkeøvingar. Ved å ta det i bruk kan mange av dei mest vanlege skadane i fotball bli unngått. Det gir også ein god start på fotballtreninga og fungere godt som oppvarming til kampar. 

Det er lagt inn progresjon i dei fleste øvingane for å auke vanskeligheitsgrada undervegs, slik at ein kan oppretthalda treningsutbytte etter kvart som ein vert betre. Programmet reduserer skadar med 30 - 50 % under forutsetning at det vert brukt minimum to gonger i veka. 

Trening- og kampversjon av "Speleklar" - FBK Voss

I trening ynskjer klubben at ein nyttar seg av "Speleklar" slik det er skissert på Skadefri. Heile programmet med dei tre ulike nivåa finn du ved å gå inn her. Sett av 20-30 minutt, ei økt kvar veke gjennom heile året og gjennomfør "Speleklar". Alt ein treng av utstyr er 12 hattar! 

Før kamp har ein ikkje like lang tid å nytte på skadefri-programmet. Me har difor valgt ut ein del øvingar som me meiner bør vere med i oppvarminga til kamp. Framleis 12 hattar som det einaste ein treng av utstyr, oppsettet er det same, men tidsbruken er mellom 10 og 15 minutt. Kampførebuingsprogrammet ligg som pdf fil til høgre her på sida. Det er veldig viktig at ein sørgjer for at spelarane varmar opp med kvalitet før ein skal spele kamp. Rett oppvarming = gode prestasjonar og lite skadar. Som eit utgangspunkt bør ein gjennom følgjande:

  1. Skadefri: program ligg som pdf til høgre på sida
  2. Deløving med ball:  øving med ball utan motstandar - spele i lag
  3. Spelsituasjon: kan gjennomførast med mål, utan mål, i firkant osb. 

Dette er med på å sikre progresjon i oppvarminga slik at ein til slutt skal vere klar for å spele kamp. 

VIKTIG: Innbyttarar vert ofte gløymd når det gjeld oppvarming. Som innbyttarar kan ein vere med på felles oppvarming i starten, men det betyr ikkje at ein er klar til å spele etter 30 minutt utan aktivitet. Sørg for å planlegg byta så langt det lar seg gjere, slik at dei som skal inn og spele kan gjennomføre ein form for speleklar på sidelinja i 10 minutt før dei skal inn på bana. 

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products