FBK Voss

Forsikring 2017

Forsikring 2017

Fotballforsikringa 2017

If Skadeforsikring er, frå 1.mars 2017, NFF sin samarbeidspartner på Fotballforsikringa. 

Generelt

Fotballforsikringa 2017 gjeld frå og med 1.mars 2017 til og med 28. februar 2018. Fotballforsikringa er ei kollektiv forsikring forhandla fram av NFF på vegne av medlemmene. FBK Voss dekkjer forsikring for alle sine spelarar, dommarar, trenarar og leiarar. For at ein skal vere forsikra må ein:

  • Vere medlem i FBK Voss
  • I ungdoms- og seniorfotballen må ein i tillegg stå som aktiv spelar, dommar, trenar eller leiar i FIKS.

Forsikring av born 0 – 12 år

  • Gjensidige forsikring er frå 1.januar 2015 Noregs Idrettsforbund sin samarbeidspartner på Barneidrettsforsikringa.
  • Denne forsikringa gjeld opp til den dagen spelaren fyller 13 år.
  • Barneidrettsforsikringa er innlemma i Skadetelefonen.
  • Med dette som utgangspunkt er aldersgruppa 0 – 12 år tatt ut av Fotballforsikringa.
  • Kravet for å vere dekka av Noregs Idretstforbund si Barneidrettsforsikring er at tiltaket der skaden oppstår skal vere i regi av idrettslaget/klubben

 Lagsforsikring 13 – 19 år

Det er klubben sitt ansvar at spelarane har gyldig forsikring. Spelarane må vere registrert som aktive med lagsforsikring i Fotballen sitt Informasjons og kommunikasjonssystem (FIKS) inneverande sesong.

 Lagsforsikring senior

Det er klubben sitt ansvar at spelarane har gyldig forsikring. Forsikringspremien for det aktuelle laget må vere betalt innan fastsatt frist og spelarane må vere registrert som aktive med lagsforsikring i Fotballen sitt Informasjons og Kommunikasjonssystem (FIKS) inneverande sesong. 

Trenarar, leiarar og dommarar

Alle klubben sine aktive registrerte trenarar, leiarar og dommarar er dekka av grunnforsikringa.

 Utvida forsikring

Utvida forsikring kan kjøpast for spelarar og dommarar i alle aldersgrupper. Klubben dekker ikkje dette, men kvar enkelt person kan velje å bestille dette sjølv elektronisk. Utvida forsikring bestiller du her . 

 Meir informasjon

Meir informasjon om NFF sine forsikringar for fotball og futsal finn du her .

Melde skade - Skadetelefonen

Føremålet til Skadetelefonen er å ivareta idrettsutøvarar på alle nivå gjennom behandlingsløpet. 

Skadetelefonen er:

  • Ei telefonbasert rådgivingsteneste med spesialkompetanse på idrettsmedisin. 
  • sikrar tilgang til idrettsmedisinsk kompetanse, slik at utøvarar kan få rask og riktig hjelp i eit kvalitetssikra behandlingsnettverk i heile Noreg. 
  • gir råd om skadeførebygging og kva ein bør gjere ved akutte skadar, basert på beste praksis innan idrettsmedisin.
  • gir råd uavhengig av om skaden vert dekka av forsikringa eller ikkje.
  • følgjer opp utøvar gjennom behandlingsløpet, bestiller utredning og behandling.

Det er viktig at ein melder skaden med ei gong! Om ein er usikker på om ein treng behandling så er det likevel nyttig å melde skaden i tilfelle det skulle oppstå problem i etterkant. 

Meld skade her .

Åpen alle dagar 09:00 - 21:00

Ring 02033

(frå utlandet +4702033 / 91 50 20 33 )

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products