FBK Voss

Fair Play Voss Cup

Fair Play Voss Cup

                                                                                  

Fair play handlar ikkje om gule og raude kort. Det handlar fyrst og fremst om korleis me oppfører oss mot kvarandre, på skulen, på banen og ellers.

Alle har eit ansvar for å stå opp mot haldningar som vert prega av manglande respekt og toleranse.

Fotball og idrett er meir enn berre sjølve konkurransen. Ein skal ta vare på kvarandre og sørgje for at så mange som mogleg får gode opplevingar både i trening og kamp.

 

Voss Cup ynskjer å auke fokuset på Fair Play under turneringa. Dei siste åra har eit Fair Play utval delt ut Voss Cup sin Fair Play pris til dei laga som viser god Fair Play ånd både på bana og sidelinja. Gjennom helga prøver utvalet å få med seg så mange kampar som mogleg. Men me rekk diverre ikkje å sjå alle laga i aksjon. Håpar likevel at alle laga, gjennom heile turneringa, søkjer å skape gode opplevingar både for seg sjølv og andre. 

 

Fair Play prisane vert delt ut til lag etter desse kriteria:  

At de:

  • Tek godt vare på medspelarane.
  • Unngår stygt spel og filming.
  • Skapar tryggleik og god lagånd på banane.

Fair Play-ånda veks fram ved:

  • Å spele kamper med godt humør.
  • Å hjelpe skada spelarar uansett lag.
  • Å takke motstandarane etter kampen på ein respektfull måte.
  • Å ikkje kjefte på spelarar eller dommaren.
  • Foreldre gir oppmuntring til ALLE både i med- og motgang. Det er borna som spelar fotball!

 

Fair Play området

På nedsida av Idrettshallen (mot Voss Camping) finn ein Fair play området. Her vert Fair Play prisane delt ut. Det vil og ligge ein del informasjon som omhandlar Fair play. 

Fair Play utval Voss Cup 2016

 

 

Frå v. Bjarte Bergstrøm, Trond Storheim, Sanna Dregelid og Arvid Birkeland

Me oppfordrar dykk til å halde fram det gode arbeidet og ikkje minst ha det artig med fotballen vidare! 

 

                              «Det handlar om respekt, ikkje sant?»

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift