FBK Voss

Idrettsfrukt

Idrettsfrukt

 

Kva er Eat Move Sleep?

BAMA, Noregs Fotballforbund og Eat Initiative har gått saman om inspirasjons- og kunnskapskonseptet, Eat Move Sleep for å sette fokus på heilskapen i det som skapar, god helse og livskvalitet for oss menneske – nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn. Kvar for seg er dei viktige, saman er dei nøkkelen til positiv endring.

BAMA gir alle idrettslag 60% rabatt på frukt, grønt og Bendit-produkter og juice! BAMA meiner at fysisk aktivitet og eit sunt og godt kosthald høyrer naturleg saman. Difor «sponsor» dei alle i idrettslag i Noreg som er medlem av Noregs Idrettsforbund, ved å gje 60 % rabatt, om det er til trening, samlingar, turneringar eller andre arrangement.

Korleis fungerer Idrettsfruktordninga?

Varer

På vegne av fotballklubben handlar du inn frukt og grønt og andre produkt frå BAMA som for eksempel smoothie, juice, ferdigsalatar, osb.) til ordinær pris i ein av butikkane som BAMA leverer til. FBK Voss inngjekk ein samarbeidsavtale med KIWI i 2016, me ynskjer difor at all handel som føregår i klubbregi vert gjort anten på KIWI Vangen eller på KIWI Palmafossen.

Krav til kvittering og fakturagrunnlag

  1. Kvitteringa må vise spesifisert kjøp av frukt og grønt og/eller BAMA/Bendit-produkt
  2. Dersom det er meir enn ei kvittering eller fleire postar på ei kvittering som ikkje er BAMA-produkt, må det leggast ved ei summering av kvitteringane/BAMA-produkt postane som igjen viser til nummererte fakturaer/kvitteringar. Det ligg ein exel-mal til høgre på sida her som de skal fylle ut. Lever utfylt exel-ark på kontoret i lag med kvitteringane for å få refundert pengane. (kvitteringane må signerast av dagleg leiar).
  3. De vil få tilsendt ein e-post med kvittering for kor mykje de får refundert. Pengane vert refundert til hovudkontoen til FBK Voss og så overført til kontonummer oppgitt ved levering av kvitteringar. Laga må sjølve kontrollere at pengane vert overført.

 

Er det spørsmål om Idrettsfrukt ta kontakt på sport@fbkvoss.no

 

                                                                                                                                                                 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products