FBK Voss

Skadeførebygging

Skadeførebygging

Skadeførebyggande trening

For å kunne trene og spele fotball er prioritet nummer 1 å halde seg skadefri. FBK Voss har difor for sesongen 2017 inngått eit samarbeid med GMB Aktiv Helse og Mosjonsgutane for å auke kunnskapen til våre spelarar og trenarar for korleis ein kan drive skadeførebyggande trening.

Skadeførebygande og prestasjonsfremjande trening 2002 - senior

Mosjonsgutane og FBK Voss har inngått ein avtale om medlemsprisar for FBK Voss på trening hjå Mosjonsgutane. Følgjande prisar gjeld for FBK Voss sine spelarar fødde 2002 og oppover:

Årsmedlemskap kort/kontant:             3500,- (ord. pris 4500,-)

Avtalegiro:                                                  300,- mnd. Bindingstid minst 12 mnd. (ord.pris 440,-/mnd.)

Off Season 01.12 - 31.05 kvart år:          1800,-

Sommarkort 2 mnd:                                   990,-

Sommarkort 3 mnd:                                  1295,-

Innmelding 250,- per person for elektronisk medlemskort. Gjeld kun nye medlem. Dette gir adgang til styrke- og kardiorom, Slakteriet og Buldreveg 24/7. 

Veiledningstime: Alle nye medlem får ein gratis veiledningstime av ein av Mosjonsgutane sine PTar. Dette er fyrst og fremst for eige sikkerheit, men også for at dei som trenar der skal få glede og framgang av treninga si. Dersom du som tidlegare medlem ikkje har nytta deg av denne moglegheiten kan du ta kontakt med reseosjonen. Det er viktig for Mosjonsgutane at alle som er medlem føler seg trygge når dei trenar. 

For vidare oppfølging av våre spelarar som trenar på Mosjonsgutane har Silje Hauge og Sanna Dregelid stilt seg til disposisjon for å ta i mot spørsmål og lage treningsprogram. Dei har begge fullført bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse, er sertifiserte personlege trenarar, har C-lisens i fotball, og eit stort engasjement for prestasjonsretta og skadeførebyggande trening i fotball. Ikkje ver redde for å ta kontakt med dei om det er noko de lurar på. Hugs at all trening ikkje nødvendigvis er god trening!

Les meir om kva trening Mosjonsgutane tilbyr på deira heimesider: http://www.mosjonsgutane.no/

                                                                                             

Skadeførebyggande trening 2003 - 2005

GMB Aktiv Helse vil tilby skadeforebyggande trening til våre spelarar i aldersgruppa 2003 - 2005. I løpet av januar og februar vil dei få tilbod om 3 - 6 økter med skadeførebyggande trening. Fokuset i desse øktene vil vere på stabilitet i mage/rygg, lett styrke og mobilitet. Treningane vil bli leia av Gunn Marit Bergstrøm. Meir informasjon finn de i vedlegg.     

                                                                                                                                     

Rabatt på timar hjå Fysioterapaut og Muskelterapaut hjå GMB Aktiv Helse                                                                                                                                                        

Om uhellet skulle vere ute eller ynskjer meir oppfølging når det gjeld skadeførebyggande trening eller andre helserelaterte utfordringar/spørsmål så har FBK Voss inngått eit samarbeid med GMB Aktiv Helse ut 2017. Alle FBK Voss sine medlemmar får tilbod om 15% rabatt på timar hjå fysioterpaut eller muskelterapaut. For bestilling kan ein gå innom kontora deira i kjellaren i Idrettshallen eller nytte seg av følgjande kontaktinformasjon:

Fysioterapaut Gunn Marit Bergstrøm - Tlf. 91878239

Muskelterapaut Myrna Dral - Tlf. 90686425

E-post: post@gmb-aktivhelse.no

 

                                                                                                                                                                                                          

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift