FBK Voss

Vintertrening

Vintertrening

Treningstidene om vinteren vil varierer i frå resten av året. I treningssamanheng er det og ein del viktige retningslinjer som ein ikkje har resten av året. Veldig viktig at alle klubben sine medlem tek omsyn til kva årstid ein er i og rettar seg etter dei reglane som gjeld, både med tanke på å ta vare på si eige helse, og for at banar og utstyr skal vare vinteren gjennom. 

Kunstgrasbanane

Me skal prøve å halde begge banane snøfrie gjennom vinteren, men dette er heilt avhengig av veret. Ein må difor belage seg på at det vil vere endringar frå veke til veke og dag til dag. For å klare å halde dei snøfrie er ein heilt avhengig av at dei som nyttar banane følgjer retningslinjene som ligg vedlagt i pdf dokument på sida. Skulle det kome mykje snø og banane ikkje er frie for både flasker, kle og mål når dette skjer, så vert det heller ikkje brøyta! 

Innetrening

FBK Voss disponerer gymsalen på ungdomsskulen måndagar og fredagar 16:00 - 21:00. Frå nyttår og fram til vinterferien vert desse tidene disponert av ungdoms- og seniorfotballen. Etter vinterferien er det barnefotballen som får innetid. Kvart lag har som utgangspunkt ein klokketime til disposisjon. Frå sesongslutt og fram til det nye året startar er det fyrstemann til mølla når det gjeld disponering av desse innetidene. I denne perioden er det i tillegg andre lag og organisasjonar som nyttar seg av våre tider, så det er veldig avgrensa kor mange lag som får treningstid inne. Førespurnad om treningstid inne på Ungdomsskulen sender de til: sport@fbkvoss.no

Laga står fritt til å ordne seg treningstider inne andre plassar. Me set pris på om de gjer beskjed om kvar og kor tid de trenar slik at me får ei mest mogleg rettferdig fordeling av dei treningstidene me disponerer. 

Trening om vinteren - ta vare på eige helse!

Klubben har utarbeida retningslinjer for temperatur og trening. Desse ligg som pdf dokument på sida. Erfaring tilseier at det er veldig nyttig å følgje desse for å unngå sjukdom og skadar. 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift