FBK Voss

Politiattest

Politiattest

Alle ansatte og frivillige i FBK Voss skal avkrevast for politiattest

Bakgrunn

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile den norske idretten skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillit- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trådde i kraft 1. januar 2009. Ein politiattest er gyldig i 3 år.

Med mindreårige meiner ein barn og unge under 18 år. Personen treng ikkje vere ansatt i idrettslaget. Det avgjerande er om vedkomande skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. 

Innhenting av Politiattest steg for steg

Steg 1

Personen som skal ha politiattest vert bede om å sende eller oppgje fullt namn og fødselsnummer til Silje Hauge kontor@fbkvoss.no. Det vert så laga ein «bekreftelse på formål med politiattest» som vert sendt tilbake til søkjar.

Steg 2

Er du over 18 år er det lettast for deg å søke om politiattest på nett. Har du nettbank kan du nytte same pålogging for å sende søknad om politiattest. Her følgjer informasjon om korleis du gjer det:

  1. Gå inn på  https://attest.politi.no/
  2. Logg inn ,ed MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Dette bekrefter kven du er og du skal difor ikkje legge ved kopi av legitimasjon.
  3. Fyll uinn e-postadresse og telefonnummer under "kontaktinformasjon". Velg frivillige organisasjonar som føremål under både "kategori" og føremål"
  4. Under "legg ved bekreftelse av føremål" legg du deretter ved det aktuelle dokumentet frå steg 1. Bekreftelsen kan scannast eller bli tatt bilete av så lenge den har følgjande filformat docx, doc, pdf, jpg, jpeg, png eller tif og er under 4MB.
  5. Send deretter din søknad.

Steg 3

Vent på svar frå Politiet. Saksbehandlinga er på ca. to veker. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den vert ikkje sendt til FBK Voss. 

Steg 4

Den som søknaden gjeld for skal framvise sin politiattest til den som er oppnemnd som ansvarleg for politiattestar i klubben. FBK Voss skal ikkje lagre attesten, men kun få den framsynt til gjennomsyn. Personar som ikkje har synt politiattest utan merknad kan ikkje setjast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menenske med utviklingshemming. 

Søknad per post

Er du under 18 år eller av andre grunnar ikkje har moglegheit til å søke om politiattest elektronisk kan du sende inn søknad om politiattest per post. For søkjarar under 18 år må søknaden vere signert av føresette. Både bekreftelse på føremål samt kopi av legitimasjon skal leggast ved søknaden. Søknaden skal deretter sendast til følgjande adresse:

Politiets enhet for vandelskontroll og politiattester

Postboks 113

9951 VARDØ

 

Kontaktperson for Politiattest

Silje Hauge - kontormedarbeidar

E-post: kontor@fbkvoss.no

Tlf. 48022272

 

 

 

 

 

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift