FBK Voss

Velkomen til fotballen 1.klasse

Velkomen til fotballen 1.klasse
Her vil det bli lagt ut informasjon som er aktuell for dei som startar opp med fotball skuleåret 2016/2017. Kvart innlegg er merka med dato, så sjekk denne for å finne ut kor aktuell informasjonen er. Skulle det vere spørsmål, så tek de kontakt med Sanna Dregelid på tlf. 90051259 eller e-post sport@fbkvoss.no 
 
14.09.2016

Gode fotballvener!

Tradisjonen i FBK Voss har dei siste åra vore slik at me har prøvd å få i gang fotballtrening for 1.klassingane allereie på hausten.

Treningstidene utover hausten blir onsdagar 17.00 – 18.00 med oppstart onsdag 28.september. Det er vidare eit mål at me trenar fram til onsdag 2.november.

Me håpar dette tilbodet vert teke godt i mot, då det vil letta arbeidet vårt med registrering og innkjøp av utstyr dersom me allereie no får ei oversikt over antal nye born.

Det me ynskjer å gjera no, er å innby foreldre til eit oppstartsmøte der me registrerer kor mange som kan tenkja seg å trena fotball.

Dei som driv med andre aktivitetar no, men ynskjer å byrja til våren, vil me også gjerne få registrert.

Oppstartsmøte vert onsdag 21.september kl 20.00 på møterommet til FBK Voss (kjellaren i Idrettshallen)

Vel møtt!smiley

Med beste helsing

 

Arne Førde                                                                  Sanna S. Dregellid

Dagleg leiar                                                                 Sport- og klubbutviklar

FBK Voss                                                                    FBK Voss

arne@fbkvoss.no                                                         sport@fbkvoss.no                            

 

Link til registrering for spelarar fødd 2010

https://goo.gl/forms/YypzmmLtwLEDY3Jx2            

 

11.10.2016

No har me allereie gjennomført to gode treningar leia av Bjarte Bergstrøm og Trond Storheim. Jentene og gutane har fått kjend litt på korleis det er å vera på fotballtrening, og dei har og forhåpentligvis lært seg noko nytt smiley

Onsdag 12.oktober er det haustferie, det vert likevel fotballtrening 17:00-18:00 for dei som ynskjer det. Sanna Dregelid vert med den fyrste halvtimen. Etter dette er det opp til foreldra å leie treninga. Det vert leik med ball, føring og spel på liten bane. 

Vel møtt laugh

 

26.11.2016

Fyrstkomande laurdag vert det arrangert avslutningsturnering for barnefotballen i Idrettshallen. Det er meldt på 4 lag for 2010-årgangen. To lag i jenteklassen og to lag i gutteklassen. 

 

      

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products