FBK Voss

Informasjon lagleiar og kampvert

Informasjon lagleiar og kampvert

Treningar

Banekalendaren ligg under hovudmenyen Aktivitet. Alle laga har fått faste treningstider, men med avvikling av kampar så kan det for nokon bli litt endringar i desse frå veke til veke. Det kan og bli endringar i kor stor plass ein har tilgjengleg, alt dette skal vere oppdatert på banekalendaren frå veke til veke. 

Kampar

Til bortekampar vel laga sjølve korleis dei gjer det med transport. 

På heimekampar er det to ting laga må sørgje for:

1. Alle lag i FBK Voss skal stille med kampvert på sine heimekampar. I 5ar fotballen er det laget som har ansvar for opprigg av bane som skal sørgje for at det er ein gul kampvertvest på kvar bane. Fint om rollen som kampvert går på rundgang blant foreldra (trenar kan ikkje vere kampvert).

2. Opp- og nedrigg av banar går på rundgang blant laga. På terminlista står det det kven som har ansvar for kva dei ulike kampdagane. Det ligg informasjon om korleis dette vert gjort til høgre på sida. Dette fungerte etterkvart veldig fint i sesongen 2016. Håpar og trur at det også vert ei fin ordning for sesongen 2017. 

Spelarlister

Det er viktig at klubben til ei kvar tid har oppdaterte spelarlister til dei ulike laga. Spelarlistene er klubben sitt utgangspunkt for: medlemsregistrering, forsikring, medlems- og treningsavgift, dugnad under Voss Cup, drakter osb. Viss det kjem nye spelarar til eller viss nokon sluttar skal dette rapporterast til: kontor@fbkvoss.no

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift