FBK Voss

Informasjon lagleiar og kampvert

Informasjon lagleiar og kampvert

Treningar

Banekalendaren ligg under hovudmenyen Aktivitet. Alle laga har fått faste treningstider, men med avvikling av kampar så kan det for nokon bli litt endringar i desse frå veke til veke. Det kan og bli endringar i kor stor plass ein har tilgjengleg, alt dette skal vere oppdatert på banekalendaren frå veke til veke. 

Kampar

Til bortekampar vel laga sjølve korleis dei gjer det med transport. 

På heimekampar er det to ting laga må sørgje for:

1. Alle lag i FBK Voss skal stille med kampvert på sine heimekampar. Skriv om kva ein kampvert er finn du til høgre på sida --->

2. Rigging av banar vert i 7ar gjort av det enkelte laget. Det ligg felles hattar i barnefotballbrakka som ein kan merke med om ein ikkje har eigne hattar. Hugs at dei flataste markørane helst kun skal nyttast til 9ar kampar i ungdomsfotballen. 

Spelarlister

Det er viktig at klubben til ei kvar tid har oppdaterte spelarlister til dei ulike laga. Spelarlistene er klubben sitt utgangspunkt for: medlemsregistrering, forsikring, medlems- og treningsavgift, dugnad under Voss Cup, drakter osb. Viss det kjem nye spelarar til eller viss nokon sluttar skal dette rapporterast til: kontor@fbkvoss.no

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products