FBK Voss

Informasjon kampvert

Informasjon kampvert

            KAMPVERT              

Trenarar og lagleiarar har som regel hendene fulle når det skal arrangerast heimekamp. For å sikre ei fin ramme rundt aktiviteten er kampvert eit tiltak som har vist seg å vere vellukka. Det er både viktig og hyggjeleg at heimelaget har ein vert som tek i mot gjestane. Ein kampvert har i tillegg ei tydeleg og respektert rolle under kampen. Kampvertane si oppgåve er å bidra til ei god ramme rundt kampen prega av Fair Play. Under følgjer kampvert-intsruksen til Fotballklubben Voss. Denne instruksen ligg og som pdf-fil til høgre her på sida, så kan ein skrive den ut og ha den med på kamp.

I Barnefotballbrakka ligg alt kamputstyret

  1. Ta på deg kampvert-vesten slik at din rolle før, under og etter kampen er tydeleg!
  2. Hjartestartaren finn ein utanfor kafeen i garasjen – alle kampvertar skal sørgje for at dei veit kvar den er!
  3. Kontroller garderobar og ta i mot bortlaget. Garderobane skal vere merka med lagsnamn. Viktig at laga nyttar rett garderobe!
  4. Sørg for at bana er rydda og at alle måla som ikkje skal nyttast står ute på asfalten.
    1.  Alle mål som ikkje vert nytta skal stå på kortlinjene (så lenge det er plass der).
    2. For 9ar kampar må ein merke bana.
  5. Før kampen startar skal ein sørgje for at tilskodarane vert plassert på motsett side av laga og at dei står godt utanfor sidelinja.
  6. Under kampen skal ein oppfordre til positive tilrop frå tilskodarane og ta kontakt viss det går over streken. Ein skal også sørgje for at alle held seg minimum 2 meter frå sidelinja. Viktig at det ikkje er folk rundt bana som leikar med ball – både for dommaren og spelarane sin del!
  7. Etter kampen takkar ein begge lag og dommar for kampen.
  8. Sette måla ut av bana (9ar). Sørgje for at det ikkje ligg søppel igjen etter laga!!
  9. Samle saman alle markørane (9ar-kampar), og anna utstyr som ein har tatt med ut. Dette skal i lag med kampvertvest tilbake der ein fann det!
  10. Gå over garderobane og kontroller at desse ser ok ut etter at bortelaget og/eller heimelaget har reist. Kost over og sjekk at det ser ryddig ut, det vert berre vaska ei gong i veka.

 

Kampvertane er dei som sørgjer for trygge og gode rammer rundt kampane. Me ynskjer at det skal vere noko ekstra å kome til Voss å spele kamp. Det skal vere minimum ein kampvert per kamp, men det er ikkje noko i vegen om ein er fleire smiley Bortelaga, spesielt dei frå Bergen, møter gjerne 1 time før kampstart, difor fint om kampvertane møter i god tid. Om det er spørsmål så ikkje ver redd for å spør. 

LUKKE TIL! laugh

 

Ansvarleg kampvert: Sanna S. Dregelid: E-post: sport@fbkvoss.no

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products