FBK Voss

Garasjen og utstyrsbrakker

Garasjen og utstyrsbrakker
RELATERTE NYHETER
Utstyrsbrakkene er rydda !

FBK Voss eig garasjen som i tillegg til å vere nettopp ein garasje i tillegg inneheld lager, kiosk og speakerbu. Utstyrsbrakkene er midlertidig satt opp som erstatning for ballskapa som var i Idrottshuset. Det er veldig viktig at alle som nyttar både garasjen og utstyrsbrakkene gjer ein innsats for å halde desse ryddig! 

GARASJEN

På veggen på garasjen finn ein hjartestartar. Alle trenarar, lagleiarar og andre involverte i lagsaktiviteten bør til ei kvar tid vete kvar denne er. Det vert arrangert hjartestartarkurs kvart år for å gje opplæring til dei som ynskjer det. 

På veggen på garasjen heng og klubben si oppslagstavle. Me prøver så langt det lar seg gjere å henge opp viktig informasjon i forhold til aktiviteten i klubben og på feltet her. 

Det vert lagt igjen ein god del utstyr og klede på banane i løpet av året. Me har ikkje moglegheit til å ta inn noko av dette, men me prøver å få hengt det opp på veggen på garasjen nærmast KIWI-bana. Om ein har mista noko er dette fyrste plassen å leite.

UTSTYRSBRAKKENE

Laga oppbevarar utstyret sitt i to brakker. Senior- og ungdomsfotballen nyttar brakka nærmast garasjen, medan barnefotballen nyttar brakka nærmast skogen. Ein er heilt avhengig av at folk ikkje lånar eller tek utstyr av kvarandre. Hald det ryddig! 

I Senior- og ungdomsfotballbrakka er det fire rom. Romma er innreia med lagsskap. På kvart av dei ulike romma finn ein følgjande lag:

Fyrste dør til venstre: herrelaga og junior

Andre dør til venstre: damelaga og jente 17 og jente 15

Fyrste dør til høgre: Gutar 14, 15 og 16

Andre dør til høgre: Jente 13, 14 og gutar 13

I Barnefotballbrakka har alle laga i barnefotballen lagsutstyret sitt. Her finn ein og ein del fellesutstyr, dommarutstyr og kamputstyr til ein del av kampane i barnefotballen. Når så mange skal nytte det same utstyret er ein heilt avhengig av at alt vert lagt tilbake på den plassen det høyrer til etter bruk. Dette er alle sitt ansvar! 

Laga har fått kvar sin knagg der ein heng ballnett, vestar og hattar. Ikkje plukk med dykk utstyr frå andre lag om de manglar noko. Ta heller kontakt på kontor@fbkvoss.no og gje beskjed om kva de eventuelt manglar. 

  

DEI SISTE LAGA SOM GÅR FOR KVELDEN MÅ HUGSE Å SLÅ AV LYSET OG LÅSE DØRA! 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift