FBK Voss

Garderobar og toalett

Garderobar og toalett

 

Garderobane finn ein i kjellaren i Idrettshallen. Inngang på nedsida. Dette er også inngangen til publikumstoaletta, som ligg i 2.etasje (gå opp trappa inne for å nytte desse)

 

Opningstider garderobar:

Måndag - Fredag 08:00 - 22:00

Ynskjer ein å nytte garderobane utanom dette tek ein kontakt med Sanna Dregelid seinast dagen før (for bruk i helgene må ein ha gitt beskjed innan torsdag same veke). I helga skal garderobane vere opne i det tidsrommet som er nødvendig for å få gjennomført kampar.

Til kampar vil garderobane som regel vera merka med lagsnamn. Viktig at ein nyttar rett garderobe! Det er kampvertane si oppgåve å sørgje for at bortelaget vert vist til rett garderobe.  

På dagtid vert garderobane nytta av Telenor Xtra - Fotballfritidsordning, GMB Aktiv Helse, Voss IL og Voss Gymnas.

FBK Voss har to garderobar som er "våre", desse er tydeleg merka. Det er og to garderobar lenger inne i gangen. Desse kan nyttast om dei andre er opptekne. Det er ikkje lov å bevege seg andre plassar i Idrettshallen enn til og frå garderobane og toaletta! Veldig viktig at ein respekterer dette.

 

Sanna S. Dregelid

Tlf. 90051259

E-post: sport@fbkvoss.no 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products