FBK Voss

Nyhende og aktuell informasjon

Nyhende og aktuell informasjon

Prosjekt Voss laurdag 18.mars

Prosjekt Voss går som vanleg i dag :) Kome litt snø, men banane ser bra ut. Fin temperatur og null nedbør. Detta blir bra :D Vel møtt!

Prosjekt Voss Laurdag 11. mars

Prosjekt Voss som vanleg i morgon! Vermeldingane slår ikkje heilt an om dagen, men me satsar på at yr held det dei lovar og gjer oss sol fram til klokka 12 :) Uansett så er baneforholda heilt perfekte ! :) Vel møtt! 

Prosjekt Voss laurdag 18.februar

Det vert Prosjekt Voss laurdag 18.februar som normalt :) Laurdag 25.februar tek me fri sidan det er vinterferie. 4.mars er det Prosjekt Voss både for den eldste og den yngste gruppa. Vel møtt :)
 

Prosjekt Voss laurdag 4.februar

Prosjekt Voss i morgo for den eldste gruppa. Satsar på gode baneforhold og fint ver :) Vel møtt!

 

Prosjekt Voss laurdag 28.januar

Prosjekt Voss i morgo som vanleg for den eldste gruppa :) Meldt minusgrader så hugs ullsokkar, hua og vottar/hanskar! Inspirert av håndballgutta så satsar me på ei knall økt :D Vel møtt!
 

Prosjekt Voss laurdag 10.desember

Laurdag 10.desember er det årets siste trening på Prosjekt Voss. Me spelar fotball ute i 1 time og så vert det varm drikka og litt underhaldning inne den siste halvtimen laugh

 Vel møtt!

 

Prosjekt Voss fram til nyttår

Aldersgruppa 2009 - 2005: Har igjen to laurdagar ( 03.12 og 10.12 ). Så lenge veret held seg slik det er no, satsar me på å få gjennomført to gode økter. Laurdag 10.desember markerer me at det er siste trening ved å gjennomføre småbaneturnering fyrste timen. Den siste halvtimen vert det inn på møterommet til Fotballklubben for gløgg/varm saft og ei lita overrasking smiley

Aldersgruppa: 2004 - 2001: Har og igjen to laurdagar på Prosjekt Voss (03.12, 10.12). Siste økta vert det turnering etterfulgt av gløgg/varm saft og ei lita overrasking. Uansett ver vert det opplegg denne dagen, så sett av datoen allereie no smiley

 

Prosjekt Voss laurdag 19.november

Minner om at det ikkje vert Prosjekt Voss laurdag 19.november då alle trenarane er på Cupfinaleseminar i Oslo. Neste Prosjekt Voss vert difor laurdag 26.november smiley

 

Prosjekt Voss laurdag 12.november

Vermeldingane varierer frå dag til dag, men akkurat no ser det ut til at det skal bli ok forhold i morgon, så prosjekt voss går som planlagt. Minner om ullsokkar i skoa og ellers gode kle! Vel møtt laugh

 NB! Til den eldste gruppa: på årsplanen står det at det vert testing i morgon, dette avlyste me tidligare i veka på grunn av vermeldingane som var då (var meldt veldig kaldt). Så vanleg fotballøkt i morgo smiley

 

Prosjekt Voss laurdag 5.november

Minner om at det ikkje er Prosjekt Voss laurdag 5.november på grunn av Smalahoevcupen. Neste trening er difor laurdag 12.november. 

 

Prosjekt Voss laurdag 29.oktober

Laurdag 29.oktober går Prosjekt Voss som vanleg. Etter nokre dagar med mykje regn ser det ut som om det skal bli sol og perfekt fotballver. Men det er framleis haust så viktig at ein kler seg fornuftig ! Hugs leggbeskyttar, drikkeflaska og godt humør laugh Vel møtt!

 

Prosjekt Voss laurdag 22.oktober

Laurdag 22.oktober er me i gang igjen med Prosjekt Voss etter haustferien. Det er meldt minusgrader så hugs å kle dykk godt! Det kan vere lurt med ullsokka i fotballskona. Fort å miste ei nagl eller to når ein frys på beina. Satsar på ei kjekk økt i fint ver laugh

 

Haustferie og Prosjekt Voss

Det vert ikkje Prosjekt Voss laurdag 8.oktober og laurdag 15.oktober på grunn av haustferien. Neste Prosjekt Voss er difor laurdag 22.oktober laugh

 

30.09.2016 Informasjon om turnering i Vestlandshallen

På grunn av få påmeldingar stiller Prosjekt Voss kun med eit lag i klassen Gutar 9 år til turneringa. 

 

Side på facebook

Det er no oppretta ei facebookside med namnet Prosjekt Voss 2016/2017 etter ynskje på foreldremøte. Det vert ikkje lagt ut anna informasjon her enn på heimesida. 

 

Bendit Fotballfestival - Turnering i Vestlandshallen

Åsane Bendit Fotballfestival 2016

Turneringa går over to helger med kampar 5.-6- og laurdag 12 november. Ein spelar berre kampar ein av dagane og dei vart avvikla i løpet av 4 timar.

Prosjekt Voss har meldt på lag i G12, J11 og G9. Me har meldt på i desse klassane for at flest mogleg får vere med, nokre må difor forvente å spele ein klasse opp.

Organisering av transport, kampleiing o.l. må i utgangspunktet foreldre stå for då dei fleste av trenarane på Prosjekt Voss er opptekne desse datoane

Send ein e-post til sport@fbkvoss.no innan fredag 30.september med namn og fødselsår for å melde på. Det vert sendt ut e-post til dei som har meldt seg på laurdag 1.oktober om ein er nok til å kunne stille lag.

Sjå link under for meir informasjon:

http://kxweb.no/portal/public/showContentCategory.do?id=948498826&tournament=true

 

Foreldremøte 24.09.16

Foreldremøte vert frå 09:30-10:00 på møterommet til FBK Voss i kjellaren i Idrettshallen.

Informasjon om Prosjekt Voss for 2016/2017

Informasjon om turnering i Vestlandshallen 5. og 6. og 12. november

Vel møtt smiley

 

Oppstart 17.09.16

Det har blitt nemnd tidligare at ein ynskte eit foreldremøte no på laurdag. På grunn av lite mannskap så flyttar me foreldremøte til neste laurdag.

Dei yngste (2005-2009) trenar på Gras 2 medan den eldste gruppa (2001-2004) held til på Olabanen. 

Håpar at alle gler seg til å kome i gang!

Vel møtt laugh

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products