FBK Voss

Stoke Fotballskule

Stoke Fotballskule

HAUSTENS STORE FOTBALLHENDING PÅ VOSS ! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I haustferien kjem det trenarar frå Stoke City til Voss for å halde fotballskule!  Dette vert tredje året me arrangerer dette. 

Me har gjort oss våre erfaringar og i 2018 introduserer me difor ein del heilt nye ting knytt til fotballskulen.

 

Kort oppsummert: 

Når: Veke 41: 8. - 12.oktober 2018

For kven: Spelarar i alderen 8 - 12 år og 13 - 16 år

Pris: 2300,- utan overnatting og 2950,- inkludert overnatting

Påmelding trykk her! 

Siste frist for påmelding er 15.september! 

 

Dette får du som deltakar på fotballskulen:

FAGLEG - Du får læra nye øvingar og henta inspirasjon frå dyktige trenarar frå Stoke City Football Academy. God coaching med tilbakemeldingar til den enkelte spelaren på teknikk og utføring. Dette kan du ta med deg tilbake til treningskvardagen og hjelpe deg til å bli ein betre fotballspelar. 

Teknisk og taktisk trening - Angrepstrening - Forsvarstrening - Keepertrening - Futsaløkter

SOSIALT - du stiftar nye bekjentskap med fotballkameratar som du skal ha det mykje moro med!

            BADING i det nye Vossabadet

            FLY i vindtunnellen til spesialpris! 

            DISKOTEK og mykje anna moro! 

 

TIL FØRESETTE OG TRENARAR

TRENARSAMLING - med føredrag og workshop frå Stoke City sine trenarar. 

OVERNATTING - Me tilbyr overnatting på skule som er nærmaste nabo til fotballbanane. Deltakarar som overnattar får frukost, lunsj, middag og kveldsmat inkludert i prisen. Me stiller med kvelds/nattevakter som passar på at alt går fint på skulen ! 

 

VEKEPLAN STOKE CITY FOTBALLSKULE 2018

  Mandag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
07:30   Vekking  Vekking  Vekking  Vekking 
08:00   Frukost Frukost Frukost Frukost
08:45 Oppmøte og prat om dagens økt Oppmøte og prat om dagens økt Oppmøte og prat om dagens økt Oppmøte og prat om dagens økt Oppmøte og prat om dagens økt
09:10 - 11:00 Fotballtrening Fotballtrening Fotballtrening Fotballtrening Fotballtrening
11:00 - 12:00 Lunsj Lunsj Lunsj Lunsj Lunsj
12:00 - 14:00 Fotballtrening Fotballtrening Fotballtrening Fotballtrening Fotballtrening
14:00 - 14:30 Påfyll med frukt og drikke + oppsummering av økta Påfyll med frukt og drikke + oppsummering av økta Påfyll med frukt og drikke + oppsummering av økta Påfyll med frukt og drikke + oppsummering av økta Avslutning av veka med prisutdeling frå trenarane til Stoke
14:30 - 16:00

Innsjekk for dei som skal overnatte 

 

Klesskift/dusj og kvile Klesskift/dusj og kvile Klesskift/dusj og kvile Klesskift/dusj og avreise
16:00 - 16:30 Middag Middag Middag Middag  
16:30 - 19:30 "Bli kjend"-aktivitetar/ Teambuilding Aktivitetar Aktivitetar Aktivitetar  
20:00 - 20:30 Kveldsmat Kveldsmat  Kveldsmat  Kveldsmat   
22:00 Ro på rommet Ro på rommet Ro på rommet Ro på rommet  

 

Om det er spørsmål så tek ein kontakt med: 

Bjarte Bergstrøm

ffo@fbkvoss.no

eller

Silje Hauge

kontor@fbkvoss.no


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR









©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift