FBK Voss

Smalahove Cup

Smalahove Cup
RELATERTE NYHETER
Smalahove Cup 2017

SMALAHOVE CUP 2017

Smalahove Cup vart arrangert fyrste gong i 2000. Fem lag var med fyrste året og sidan har det auka jamnt og trutt til nærmare 50 lag. Smalahove Cup er haustens store veteranfotballfest på Vestlandet. Årets turnering vert arrangert laurdag 4.november!

Klasseinndeling:

Klasse A: Menn veteran (over 45 år)

Klasse B: Old Boys (over 33 år)

Klasse C: Golden Girls (over 25 år)

Klasse D: Super Golden Girls (over 35 år)

Klasse E: Open (Bedrift, miks etc.) 

Nytt av året er at Golden Girls vert delt i to klassar. Over 25 år og over 35 år. 

Praktisk informasjon: 

Turneringa vert som vanleg spela som sjuarfotball, etter NFF sine reglar. Kampane vert spela i tidsrommet 09.00 - 17.00. I utgangspunktet er det gruppespel og sluttspel i kvar klasse, men i klassar med få lag kan det bli kun seriespel der vinnar av serien er klassevinnar.

Smalahove Cup går på sentralidrettsanlegget Prestegardsmoen på Voss. Alle kampane vert spela på kunstgras. Det vil vera garderobar og toalett tilgjengleg i Voss Idrettshall som ligg heilt inn til baneområdet. Det vert og sal av mat og drikke frå kiosk ved banane og kafe innandørs i Idrettshallen. 

Overnatting og bankett:

Som vanleg har me reservert ein del rom på Park Hotel Vossevangen. Desse kan bestillast direkte hjå Park, tlf. 56531000, e-post: booking@parkvoss.no. Prisen er 1.750 kr per døgn for dobbeltrom og 1.225 kr per døgn for enkeltrom. Prisane gjeld kun ved bestilling av rom frå fredag til søndag. 

Banketten med Smalahove på menyen vert som tidlegare i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen. Banketten startar kl.20.00 med "dagens film" som fyrste punkt på programmet. Pris per billett på banketten er 425 kr (450 kr for dei som ynskjer pinnekjøt). 

Påmelding 2017

I år nyttar me påmelding via profixio. Dette gjer laga moglegheit til å gjere endringar fram til påmeldingsfristen går ut. Kvart påmelde lag må ha ein kontaktperson. 

Påmeldingsavgift per lag er 3.000 kr, men alle lag som deltek på banketten får ein rabatt på 500 kr, slik at påmeldingsavgifta då vert 2.500 kr. Kvar klubb kan sjølvsagt melde på lag i fleire klassar, og det er også høve til å melde på fleire lag i same klasse. 

Påmeldinga er open fram til 1.oktober!

Trykk her for å melde på!

Ta kontakt med Einar Melve for spørsmål eller meir informasjon.

E-post: einar@fbkvoss.no

Tlf: 97674536

Vel møtt laugh

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products