FBK Voss

Prosjekt Voss

Prosjekt Voss

2016/2017

Prosjekt Voss skal vere ein plass for læring og utvikling, både for spelarar, trenarar og foreldre. Prosjekt Voss skal vere eit supplement til ordinære fotballtreningar, det skal ikkje erstatte treningar med laget som er ein veldig viktig utviklingsarena. Det er heller ikkje meininga at Prosjekt Voss skal ta plassen til andre aktivitetar/idrettar som ungane er opptekne med.

Det vert stilt krav til alle involverte i forhold til å følgje retningslinjer og ikkje minst for å skape kvalitet i alt ein gjer. FBK Voss ynskjer å nytte Prosjekt Voss til å skape ei forståing og haldning til det å spele fotball og vere idrettsutøvar med utgangspunkt i to viktige prinsipp:

  1. Ta ansvar for eiga utvikling, læring og haldningar
  2. Kva inneber det å vere eit individ på eit lag?

Målsetting

  1. Utvikle seg som individuell spelar, derunder kunnskap og eigen ferdigheit
  2. Utvikle seg som lagspelar, derunder øving i relasjonelle og komplementære ferdigheiter. Det vil seie å nytte seg sjølv best mogleg i samspel med sine medspelarar og legg til rette for at deira evner og ferdigheiter skal nyttast best mogleg.

Organisering

Denne gongen har me vald å dele Prosjekt Voss inn i to ulike organiseringsmodellar. Det er i det store og heile mykje det same som tidligare, men ved å gjere eit tydeleg skilje mellom dei som høyrer til barnefotballen og dei som høyrer til ungdomsfotballen kan me i større grad  følgje dei prinsippa som gjeld for dei aktuelle aldersgruppene i høve treningsmoment og organisering.

 

Organiseringsmodell A årgangane 2009 - 2005

Tidligare har me hatt med dei som startar i 1.klasse om hausten. Fordi mange av dei endå ikkje har starta med fotballtrening ser me ikkje behovet for ei "ekstra" økt i veka. Denne gruppa består difor i år av årgangane 2009 - 2005.

 

Hovudansvarlege og trenarar for denne gruppa vert i år:

Ørjan Låstad    -    Lene Rogde Jensen    -    Terje Mørkve    -    Knut Eikefjord

 

For meir informasjon om treningar og årsplan, sjå vedlegg til høgre her på sida -->

 

Organiseringsmodell B - årgangane 2004 - 2001

For aldersgruppa 2004 - 2001 vert det i år tilbod om keepertrening. FBK Voss ynskjer å utvikle fleire keeperar, det kan fort bli ein einsam "jobb". Prosjekt Voss kan difor vere ein fin arena og trene i lag med andre som øver på det same som ein sjølv. Håpar at dette tiltaket vert tatt godt i mot smiley laugh

 

Hovudansvarlege og trenarar for denne årgangen vert i år: 

Trond Storheim    -    Silje Hauge    -    Magne Himle    -    Sanna Skulstad Dregelid    -     Jens Tveite (keepertrenar)

 

For meir informasjon om treningar og årsplan, sjå vedlegg til høgre her på sida -->

 

Fråver frå trening

Me ynskjer beskjed om ein ikkje kjem på trening, dette gjeld begge gruppene! Veit ein at ein er vekke om f.eks. tre veker så er det fint med ei melding eller e-post allereie no. Begge gruppene melder i frå til Sanna (ansvarleg for Prosjekt Voss) som vidareformidlar beskjeden til trenarane. 

E-post: sport@fbkvoss.no

Tlf. 90051259

 

 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products