FBK Voss

Telenor Xtra - FFO

Telenor Xtra - FFO

Telenor Xtra, eit samarbeid mellom Noregs Fotballforbund og Telenor, er eit landsomfattande fotballtilbod etter skuletid – fotball fritids ordning (FFO). Utviklingsavdelinga i Noregs Fotballforbund (NFF) har ansvaret for å utvikle og gjennomføre innhaldet i Telenor Xtra som skal vere eit heilskapleg skulefritidstilbod med fotball i fokus. Fotballaktiviteten er sentral, men den skal utformast som eit supplement til den vanlege fotballtreninga på ettermiddagen, og ikkje framstå som eit rekrutteringstiltak. Målet er å utvikle rørsleglede og gode vanar. I tillegg til den fysiske aktiviteten skal fokuset vere på kosthald, pedagogisk kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosiale ferdigheiter også utanfor idrettsbana.  Telenor Xtra vert leia og følgd opp av ein nasjonal rektor som høyrer til i Utviklingsavdelinga i NFF. 

Telenor Xtra - Fotballfritidsordning (FFO) skuleåret 2016/2017

Vinteren 2016 vedtok FBK Voss at ein skulle startar opp med fotballfritidsordning for skular som krinsar til fotballklubben, det vil seie Vangen, Gjernes og Gullfjordungen. Skuleåret 2016/2017 har difor vore oppstartsåret for FFO. Målgruppa har vore elevar i alderen 8 - 12 år (3.-7.klasse). For skuleåret 2016/2017 har me kunne tilbydd FFO tysdag, onsdag og torsdag frå 13:30 - 16:30. Ein har halde til i lokala til FBK Voss i kjellaren i Idrettshallen der ein har tilgang til garderobar, kjøkken og matrom/lekserom. 

Prisar 2016/2017 - per. månad

3 dagar:  1595,-

2 dagar:  1290,-

1 dag:     836,-

 

Telenor Xtra - Fotballfritidsordning (FFO) skuleåret 2017/2018

Fyrste året med FFO har gått veldig bra, og me ynskjer difor å vidareføre og utvikle tilbodet for skuleåret 2017/2018. I tillegg til å vidareføre tilbodet frå skuleåret 2016/2017 ynskjer me å utvide tilbodet med FFO+ på måndagar. Dette tilbodet vert gitt til elevar i 5. - 7.klasse i heile Voss Kommune. Dei to ulike tilboda er nøærmare skissert under. 

FFO

Telenor Xtra Fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod til elevar i 3. - 7.klasse ved Gjernes, Vangen og Gullfjordungen skule. Me føl skuleruta og utvidar i fyrste omgang ikkje til feriar. Det er mogleg å melde seg på tysdag, onsdag og torsdag (elevar i 5. - 7.klasse kan i tillegg melde seg på FFO+ på måndagar).

Bornar vert henta på skulen av instruktørar frå FFO. Om sommaren går ein/syklar frå Gjernes og Gullfjordungen. Om vinteren vert borna henta av bil/minibuss. Elevane frå Vangen går heile året. 

Prisar 2017/2018 - per. månad

4 dagar:  1900,-  (påmelding til 4 dagar gjeld kun for elevar i 5. - 7.klasse. Den fjerde dagen vert då FFO+ på måndagar) 

3 dagar:  1595,-

2 dagar:  1290,-

1 dag:     836,-

 

FFO+

FFO+ er nyoppstarta for skuleåret 2017/2018. Bakgrunnen for at me har vald å starte opp dette er at me vil utvide tilbodet til å gjelde fleire skular. FFO+ vil i større grad enn vanleg FFO tilby rein fotballaktivitet. Målet er å gje dei som ynskjer det ei ekstra fotballtrening i veka med fokus på individuell ferdigheitsutvikling under kyndig rettleiing. 

Tilbodet vert gitt til alle elevar i 5. - 7.klasse i Voss Kommune og følgjer skuleruta. 

FFO+ vil føregå måndagar rett etter skulen og fram til 16:30. Elevane må sjølve ta seg ned til Idrettshallen. 

Prisen for FFO+ per månda er:   836,- 

Så lenge ein er påmeldt på FFO+ får ein delta gratis på Prosjekt Voss på laurdagar. 

 

Påmelding

Påmeldinga er open fram til det er fullt! 

Link til påmeldingsskjema: https://goo.gl/forms/7ApOPNSJZuuZjjV62

Det er eit avgrensa tal plassar og me tildeler i hovudsak plassar etter fyrste mann til mølla! 

 

Informasjonsmøte

Onsdag 15.mars 17:00 - 18:00 held me informasjonsmøte om tilbodet neste skuleår. Møtet vil vere på møterommet til FBK Voss i kjellaren i Idrettshallen. Møtet er for dei som allereie har meldt seg på, og for dei som ynskje å vite litt meir om kva Telenor Xtra Fotballfritidsordning er. 

Alle spørsmål i forhold til påmelding og informasjonsmøte kan rettast til dagleg leiar ved FFO, Bjarte Bergstrøm: E-post: ffo@fbkvoss.no

                                                                                          

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products