FBK Voss

Klubbdommarar

Klubbdommarar

Informasjon til klubben sine dommarar og lagleiarar - sesongen 2017

Kvart år går 14-åringane i klubben på klubbdommarkurs. Dette er så langt det lar seg gjere "obligatorisk" for alle spelarane. Dei som etter å ha tatt kurset ynskjer å dømme kampar melder seg til det. Dei som har tatt klubbdommarkurset vert satt opp til å dømme 5ar kampar, og er vikarar i 7ar fotballen. 

15-åringane i klubben får tilbod om rekrutteringsdommarkurs. Etter at ein har gjennomført rekrutteringsdommarkurs er ein kvalifisert til å dømme 9ar og 11ar. Alle som tek rekrutteringsdommarkurs får dommardrakt og gensar av klubben. 

Dei 15-åringane som ikkje tek rekrutteringsdommarkurs vert satt opp på 7ar og 9ar kampar i barnefotballen. Dei får og tilbod om å dømme 7ar og 9ar kampar for 13-åringane. 

Det er oppretta eige facebook-gruppe for dommarar og lagleiarar for å gjere det lettare å skaffe dommar til kampar. Denne heiter "Dommarar sesongen 2017". 

 

Dommarane vert betalt etter følgjande satsar sesongen 2017:

Barnefotballkampar:                                                  80,-          

Øvrige aldersbestemte klassar frå 13 år og eldre:       400,- 

Juniorklassen 17 - 19 år:                                          600,-

* Intern dommarrekning for klubben sine dommarar ligg til høgre på sida. Denne skal dommarane sjølve fylle ut for å få betalt. 

 

Kontaktperson for klubben sine dommarar

Lene Rogde Jensen

E-post: lene@kneet.no

Tlf.91799764

 

Sanna Skulstad Dregelid

E-post: sport@fbkvoss.no

Tlf. 90051259

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products