FBK Voss

Fair Play

Fair Play

 

Fair Play er samleomgrepet for verdiarbeidet som vert gjort i fotballen. Fair play-arbeidet er grunnlaget for fotballen sitt omdømme og handlingar, og synleggjer korleis fotballen tek på seg ei oppdragande rolle ovanfor born, ungdom og vaksne. Fair play handlar om overordna verdiar, respekt for andre menneske og om å forsterke vennskap, både på og utanfor bana.

I ein fotballkamp skal glede, meistring, jamnbyrdigheit og god oppførsel dominere. På bakgrunn av dette har NFF innført Fair play-møtet i forkant av kampstart i barne- og ungdomsfotballen. Alle laga i FBK Voss skal gjennomføre dette møtet i forkant av kvar kamp, og det er trenarane til laga som skal sørgje for at dette vert gjort!

Til høgre på sida ligg FBK Voss sin haldningskontrakt. Klubben ynskjer at alle lag i ungdomsfotballen går gjennom denne og at kvar enkelt spelarar signerer og leverer til lagleiarar/trenar. 

Alle laga i ungdomsfotballen skal i løpet av vår- og/eller haustsesongen gjennomføre Fair Play-møte. Tema og oppgåver ligg til høgre på sida (Spelarmøte Fair play 2017). Meld tilbake til Fair play- ansvarleg når møtet er gjennomført

 

Ansvarleg Fair play: Sanna Skulstad Dregelid sport@fbkvoss.no

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift