FBK Voss

Dommarar

Dommarar

 

Me er heilt avhengig av dommarar for å få avvikle kampar. Det er difor viktig at både trenarar, lagleiarar og spelarar er bevisste sitt ansvar når det gjeld å gjere kampen til ei god oppleving for dommarane. På same måte som spelarane er også dommarane i ein læringsprossess der dei øver seg på å bli betre. 

Hjelp dei i staden for å kjefte! 

I barnefotballen oppfordrar me klubben sine lag til å stille med linjevakt. Linjevakta si oppgåve er å dømme om ballen er ute til kast. Ein skal i utgangspunktet kun hjelpe til med å seie om ballen er ute, ikkje dømme kva veg det er.  

No er det innført 9ar fotball med offside siste året i barnefotballen. Dette kan vere ei utfordring for dommaren. Oppmodar difor klubben sine lag til å stille med to linjevakter som gir beskjed når det er offside. 

Linjevaktene stiller med gul vest i handa som dei løfter når dei dømmer innkast eller offside. 

Tips og triks til dommarar og lagleiarar/trenarar/kampvertar: 

- Dommaren snakkar med trenarane for begge laga, avtal korleis ein ysnkjer kampen skal vere. Ta opp tema som pressfrie soner, speletid, og ekstra spelar. 

- Kampvertane er dommaren sin støttespelar under kampen. Som kampvert: ver bevisst ansvaret ditt og hjelp så mykje du kan!

- Etter kampen takkar alle involverte for kampen. 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products