FBK Voss

Klubbinfo

Klubbinfo

Om klubben

Besøksadresse: Idrottsvegen 13 5700 Voss
Postadresse: Postboks 60 5701 Voss
Telefon: Administrasjon 56 52 91 00
Heimeside: www.fbkvoss.no  
Org.nummer: 983 078 532  
Kontonummer: 3450 37 44254  

 

Fotballklubben Voss vart skipa 26. sptember 1921. I dag har klubben over 600 medlemmar, fordelt på lag i dei fleste klassar i seriesystemet, med spelarar frå 6 til 60 år. Klubben legg ned eit stort arbeid innan barne- og ungdomsfotballen

Klubben si målsetjing er å tilby meningsfull aktivitet bygd på tryggleik, trivnad og tilhøyrsle. På same tid ynskjer ein å få fram best mogleg enkeltspelarar og lag, av begge kjønn. Med ein effektiv organisasjon og administrasjon tilstrebar ein høg kvalitet på trenar- og lagleiarnivå. 

Voss Cup er den største fotballturnerninga i lanmdet for aldersgruppa 6 - 12 år og vert arrangert tredje helga i juni kvart år. 

Smalahovecupen vart arrangert i slutten av oktober kvart år, og er ei turnering for dei godt vaksne.

Fotballfritidsordning (FFO) startar opp skuleåret 2016/2017 og er eit tilbod til elevar i 3.-7.klasse ved Gullfjordungen, Gjernes og Vangen skule. FFO held ope tysdag, onsdag og torsdag mellom 13:30 0g 16:30. 

Prosjekt Voss er eit tilbod til alle som høyrer til i same sone som FBK Voss og går frå september til juni. Alle spelarar i alderen 6 - 16 år som ynskjer ei ekstra økt i veka kan melde seg på. For dei eldste gruppene tilbyr ein i delar av året to ekstra økter i veka. 

 

Fotballklubben Voss
Postboks 60
5701 Voss

                                                                

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products