|
23.10.2010, Prestegardsmoen gras 1, kvalifisering, hr. 2.div.
| |
Voss - Austevoll 2 - 1 (1 - 1) |
|
Lagoppstilling (4-4-1-1)
|
|
| |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Olav Skjeldal |
|
(85' Andreas B. Støyva) |
Ronny Skjelde |
|
|
|
(88' Lars Ivar Thorsteinsson)) |
| |
Eirik Een |
|
|
| |
(79' Hans-Kristian Ringkjøb ) |
Maid Memic |
|
| |
|
|
|
|
|
Mål
| 14.min |
0-1 |
Håkon Seim |
(Maid Memic) |
| 25.min |
1-1 |
Trond Heggestad, str. |
|
| 53.min |
2-1 |
Maid Memic |
|
| |
|
|
|
| |
|
|
|
| Sjansar |
| Voss - Austevoll |
3-5 |
(2-2) |
| |
|
|
|
| Corner |
| Voss - Austevoll |
6-4 |
(5-3) |
| Kort |
| Voss: |
Anders, gult
|
| Austevoll: |
ingen
|
| |
|
|
|
| Tilskodarar: |
ca. 700 |
| |
|
|
|
| Dommar: |
Anders Bjerk Hansen, Bjarg
|
Vart nokre omdiskuterte situasjoner for Hansen. Straffen til Austevoll verka lettkjøpt, men det var korrekt. Olav er borti Mellingen med foten. Det annullerte målet på overtid er også korrekt, sjølv om det kan verke brutalt for Austevoll på dette tidspunktet. Ellers var Hansen snill med Austevoll med tanke på kortbruk. Fleire situasjoner som kvalifiserte til det. Anders fekk eit strengt idømt kort. Totalt sett ein kamp der Bjerk Hansen hadde full kontroll. |
| |
| Stjernebørs |
***
|
** |
* |
 |
 |
 |
| Thomas |
Kristian |
Gaute |
| |
|
|
|
| |
|
|
|
Voss med 2-1 siger i 1. kvalifiseringskamp
Laurdagens kvalifiseringskamp mot Austevoll vart akkurat så spennande som antatt. Voss tok leiinga ved Håkon, før Trond Heggestad ulikna like etter på straffespark. Maid gav så Voss leiinga 2-1 etter 53 min. Derifrå og ut, vart det ein forsvarskamp mot eit friskt Austevoll. Voss heldt stand og kunne jubla over eit ok utgangspunkt, føre returen på Eidsbøen kunstgras fyrstkomande laurdag.
Mykje jobb i førekant av kampen
Siste dagers snøfall gjorde det usikkert om grasbanen ville bli klar til dagen kamp. Imponerande dugnadsinnsats og vêrgudar som spelte på lag, gjorde sitt til at banen vart klar til kampstart. Mjuk grunn somme stader, men totalt sett gode forhold som det var fullt mogeleg å spele fotball på. I etterkant ser det heller ikkje ut som skadane på banen er av det alvorlege slaget.
Austevoll sitt mannskap mangla målvakt Harald Østervold og langtidsskada Brede Storebø.
Geir Edvard fekk ein strekk onsdag som gjorde han uaktuell for heimelaget. Resten av troppen klar slik at Voss stilte med sine 11 sterkaste kort på banen.
Austevoll med sterk start
Etter 2 min hadde Austevoll alt hatt 2 gode tilbod framføre Thomas. Hovland og Rabben stod for desse. Oransjetrøyene tok grep om rattet og pressa Voss i desse opningsminuttane.
Etter dette handla det meste om ”laksane” og deira jakt på utlikningsmålet. Og dei kom farleg nær. Heggestad hadde 2 megasjanser og Frode Storebø hadde 2 gode skotforsøk. Som så mange gonger før var det Thomas som stod fram. 3 klasseredningar og trygt spel ellers.
2 min på overtid fekk me dramatikk. Austevoll fekk ballen i nota, dei fleste sukka tungt då. Men assistentdommar var kjapt oppe med flagget for offside, dette var etter ulike vitner å døme, ei korrekt annullering. Men det er ingen vanskar med å forstå Austevoll si frustrering.
Oppsummering
2-1 siger gjev eit godt utgangspunkt for returkampen til helga. Siger over eit formsterkt Austevoll er sterkt, sjølv om me må erkjenne at marginane var på vår side denne laurdagen. Me er effektive og lagar 2 mål på 3 sjansar. Stopparspelet til Gaute og Kristian held som vanleg høg standard. Thomas sitt storspel kjem sjølvsagt også på plusskontoen. Prestasjonen ellers er av meir blanda kvalitet. Det vert for mange brudd kring midtfeltet. Hadde Austevoll vore skarpare i dag, ville me blitt hardt straffa. Desse brudda slit på psyken, det er alltid tungt å halse etter ballen mot feil mål. Me ville og hatt kantane nokre meter lågare i det defensive arbeidet.
Positive supporterar
Mykje folk og ei strålande ramme om laurdagens kamp. Austevoll stillte med mykje folk på tribunen og bidrog til den gode stemninga med det. Bidrog gjorde også vårt eige ”smalahoveberg”. I hovudsak bestod denne gjerngen av gute – og juniorspelar. God jobba ! Klaus & Co må opp med lommeboka her, og spandere buss for desse til Austevoll neste laurdag. Dei kan lage mykje liv der !
Spelarvurdering
Thomas:
Fekk ikkje vera med på fotoshooten til Evy. Men som plaster på såret er det no ordna slik at Thomas og Tella skal få ta nokre bilete for pizzabakaren neste veke. Dette er ei fornuftig fordeling. Kampen var stor frå Thomas si side. Alt etter 30 sek var han i aksjon på eit forsøk frå Hovland. Har 3-4 superredningar etter pause. Var etter straffen til Heggestad. Banens viktigaste og beste spelar.
Stig Arne:
Joakim Melingen på Austevoll si venstreside var god, men Stig hadde kontroll på han. Hadde sida si stengt defensivt og verkar trygg med ball. Ikkje så involvert i spelet som me har sett i haust. Kom ikkje med framover på overlapp.
Gaute:
Topp motstand i Hovland / Heggestad. Ruvar og er sterk i duellane, men har nokre glepp som kunne blitt skjebnesvangre utan Thomas. Men Gaute har helde eit høgt nivå heile sesongen, så me har store forventningar kvar gong me ser han i aksjon. God kamp.
Kristian:
Høge forventningar har me også til Kristian, og han innfrir gong på gong. Mange aksjonar der han taklar akkurat i rett tid, eller får ei tå på ballen. Fysiske har han utruleg nok ingen problem med 90 min, på tung bane mot god motstand. Har ein stygg glepp, der ballen går over han til Heggestad. Vår beste utespelar i denne kampen.
Anders:
Sleit alvorleg med Frode Storebø på kanten. Lar Storebø vende og utfordre, fekk då problem. Kunne fått meir hjelp av Ronny. Ved reine løpsdueller og skulder mot skulder er han som ein tanks. Offensivt villig, men har nokre forsøk som ber preg av total hjerneblødning. Men me er ikkje bekymra for Anders, han har ein enorm kapasitet, Dette er alt gløymt og ny veke startar på måndag.
Olav:
Opna friskt og var aktiv på kanten sin. Litt meir presisjon på nokre av innlegga, så hadde det gjeve utteljing. Kjem også bra i gang fyrste minutta etter kvilen, men så dett han utav kampen. Dette var eit resultat av Austevoll pressa over slik at for Voss sin del vart det å forsvara 2-1 leiinga. Flytta inn meir sentralt mot slutten utan at det utgjorde nok forskjell.
Håkon:
Hockey’en var pigg før pause. Verka konsentrert og traff bra med pasningane. Var roleg og kontrollert ved scoringa si. Opna også greitt etter pause, men så vart det tungt. Grunna mykje unødvendig balltap vart han springande mykje feil veg, men dette skal ikkje Håkon ha all skulda for. Var sluttkøyrd og teken av siste minutta.
Kim Andre:
Bomma mykje pasninger ein periode før kvilen. Stramma inn dette og bidrog sterkt på midten med konsentrert og god jobbing. Tilliks med Håkon vert ikkje Kim så delaktig i det offensive spelet som me ynskjer. Vert mest å halse etter ball.
Ronny:
Står på og ingenting å seie på initiativa offensivt, men sleit med å kome seg rundt Øystein Storebø på Austevoll sin høgreback. Defensivt ville me hatt han meir ned for å hjelpe Anders med Storebø nr 2 som låg på kant.
Eirik:
Austevoll visste godt om Eirik og kva han kan få til i denne posisjonen. Alexander Dale som låg sentralt hjå Austevoll senka seg ned til Eirik, og var rundt han store deler av kampen. Eirik verka i fin form, så lite å utsetje på vilje og løpstyrke. Men i dag stemte det ikkje heilt med ballen i beina. Viktig for han å få denne gjennomkøyringa. Eirik er særdeles sugen på kamp komande laurdag !
Maid
Nok ein gong med avgjerande scoring, hans 24. for sesongen. Brukte fart og parkerte Risøy ved scoringa si. Synd at Voss ikkje klarte å få sendt Maid i fleire slike situasjonar. Men tvilar på at midstopparane Risøy/Kalvenes vert så mykje raskare til neste helg, så her er det berre å gle seg, Maid.
Hans-Kristian:
11 min på kant. Vanskeleg jobb offensivt på dette tidspunktet. Var med å demme opp for Austevoll i sluttminutta.
Andreas:
5 min sentralt. Hadde eit par viktige defensive aksjonar.
Lars Ivar:
2 min på kant for Ronny.
LEM
|